Ny person sikta i overgangssaka

Politiet har sikta ein femte person i overgangssaka som involverer Veigar Páll Gunnarsson og Herman Stengel.

Stene

Politiadvokat Morten Stene kunne tysdag meddele at ein ny person er sikta i overgangssaka til Stabæk og Vålerenga.

Foto: Sørbø, Krister / SCANPIX

Det opplyser politiadvokat Morten Stene ved Asker og Bærum politidistrikt til NRK.

– Vi kan bekrefte at vi sikta vedkommande før jul. Personen er styremedlem i Stabæk Fotball AS, seier Stene til NRK.

Grovt økonomisk utruskap

30. november 2011 blei Stabæks sportssjef, Inge Andre Olsen, og Vålerengas sportsdirektør, Truls Haakonsen, sikta for grov økonomisk utruskap i overgangssaka som involverer Veigar Páll Gunnarsson og Herman Stengel.

Over to veker seinare valde politiet å sikte ytterlegare to personar. Denne gongen styreleiar i Stabæk LFI, Erik Loe, og styreleiar i Stabæk AS, Lars Holter Sørensen.

Mistenker sentral rolle

Politiet opplyser at den nyleg sikta femte personen tidlegare har vore inne til avhøyr, og at han ikkje ville endre forklaring då han blei sikta.

– Vi trur vedkommande har hatt ein sentral rolle i overgangssaka, legg politiadvokat Stene til.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ada Hegerberg header inn et frispark slått av søster Andrine Hegerberg
Arsenal vant 2-1 over Burnley.
Wayne Rooney scoret fire minutter på overtid og reddet 1–1 for Manchester United da de gjestet Stoke. Stokes ledermål kom etter et selvmål av Juan Mata.
Liverpool tapte 3-2 for Swansea.