Tom Nordlie har vore klubbens førsteval, og no har partane komme fram til ei løysing.
Klubben kalla inn til pressekonferanse måndag ettermiddag kor dei presenterte Tom Nordlie som klubbens trenar, i første omgang for 2012-sesongen.
– Eg tenkjer ikkje så mykje på at eg har vore så ettertrakta av klubben, men eg taklar ros dårligare enn kjeft, seier Nordlie og ler.
Etter at han tok over klubben i august, var Kongsvinger haustens formlag. Det får likevel ikkje trenaren til å snakka om opprykk neste år.
– Det er ingen automatikk i at dette skal fortsetje. Vi må minst ha ein like god spelarstall som vi hadde i haust, og det blir en utfordring økonomisk.
Nordlie snudde
Under to veker at det blei kjend at Nordlie slutta i klubben, er han tilbake.
Grunnen til at han då ikkje ville halde fram i klubben var ueinigheit med leiinga om Kongsvingers ambisjonar.
– Klubben er oppteken av å redusere kostnader frå 13,5 til 11 millionar kroner, medan eg meiner det burde vore riktig å auke budsjettrammene til 15 millionar kroner i 2012, sa Nordlie då.
Men no har derimot trenaren snudd.
– Vi har bestemt oss for at høna kjem før egget. Dersom vi får på plass på meg no, kan det gjerne skje noko i forhold til marknadsbudsjett og investorar slik at vi kan auke budsjettet, seier Nordlie til NRK etter signaturen var på papiret.
– Går det ikkje, så forholder eg meg til det, seier han.
Frykta nedrykk utan Nordlie
Nordlie-exiten fekk supporterane til å frykte det verste for klubben.
– No blir klubben rasert på vanleg måte. Spelarar og folk i støtteapparatet forsvinn, og vi mistar Nordlie. Det er i ferd å bli det same køyret. Det er nesten meir spennande å følgje klubben etter sesongen enn å følgje kampane, sa supporterleiar Thomas Ramstad.
– Held fram den dalande forma vi hadde før Nordlie, ender vi fort med nedrykk.
- LES OGSÅ:
– Som ein tidleg julepresang
Men no er redningsmannen tilbake, til stor jubel for fansen.
– No er vi strålande fornøgd. Dette er som ein tidleg julepresang til oss. Av alt som kryp og går av trenarar i landet er det han som har vist seg å fungere aller best, seier Ramstad til NRK.no.
Han fortel om sørgjestemning i byen før gladnyheita kom måndag føremiddag.
– Reaksjonane var sterke i byen. Folk tenkte at «no er det nok. No orkar vi ikkje kjøpe sesongkort», seier Ramstad.
Men plutseleg har pipa fått ein annan lyd.
– No skal vi i alle fall på Gjemselund igjen!, seier Ramstad.
- SJÅ VIDEO FRÅ ARKIVET: