På seks år: Frå kanten av stupet – til Premier League?

Stadion har plass til berre 12.000. Neste sesong kan Bournemouth få besøk av Chelsea, Manchester United og Liverpool. Det kan bli avgjort i kveld.

Bournemouth

Håpar å eksplodere i jubel i kveld: Bournemouth kan sikre Premier League-spel i kveld, men då må dei slå Bolton

Foto: ADRIAN DENNIS / Afp

Den vesle klubben frå sørkysten har kjempa i toppen heile denne sesongen, og kan klare det umogelege i kveld: Opprykk til øvste nivå. Med siger over Bolton har dei tre poeng og minst 17 plussmål å gå på til nærmaste konkurrent Middlesbrough før siste kamp.

Laster innhold, vennligst vent..

Det skal vere godt nok til opprykk for klubben, som nesten heile si ligakarriere har spela i dei to nedste nivåa. Berre fem sesongar sidan 1923 har dei vore på nivå to, med ein tiandeplass frå i fjor som beste plassering.

Rauk nesten ut av ligaen

Deans Court, Bournemouth

Smak av noko stort: Her er Bournemouth i kamp mot Liverpool i ligacupen i vinter. Neste år kan kanskje Liverpool kome på besøk på nytt

Foto: ADRIAN DENNIS / Afp

Situasjonen var ein heilt annan i ligainnspurten i 2009. Klubben var i økonomisk trøbbel og under administrasjon. Dessutan var det mykje styr med eigarskifte som ikkje heldt tidsfristen. Resultatet var ei poengstraff på 17 minuspoeng.

I nest siste kamp møtte dei Grimsby, eit lag som dei helst burde ha bak seg på tabellen. Og med sigersmål i sluttminutta vann «The Cherries» 2-1 og unngjekk nedrykk og liga-exit.

Laster Twitter-innhold

Derifrå har det berre gått oppover. Under manager Eddie Howe dei siste sesongane vart det opprykk til Championship i 2013, og med ein gullkanta sjanse til Premier League-millionane neste sesong.

Howe er for ein «local lad» å rekne, med nesten heile fotbalkarrieren i klubben. Han er kjend for offensiv satsing, og Bournemouth har scora 109 mål i år, av dei 92 i ligaen.

Lokalavisa er allereie i opprykksmodus:

Laster Twitter-innhold

Badeby med lita bane

Bournemouth er ein by på sørkysten, mest kjend som badeby og som kongressby med kongressane til dei store politiske partia som topphendingar.

Byen har knappe 200.000 innbyggjarar, og klubbens heimebane Dean Court har plass til 12.000 tilskodarar. Det blir lite i Premier League-samanheng når tilhengarskarane til dei store klubbane kjem.

Sportslege høgdepunkt har Bournemouths drygt 90 år lange ligahistorie få av. Men det finst nokre:

  • I 1971 scora Ted MacDougall ni mål i cupkampen mot Margate, som Bournemouth vann 11-0. MacDougall vart dermed oppdaga av storklubbane, men slo aldri skikkeleg til på øvste nivå.
  • Ein januardag i 1984 kom regjerande cupmeister Manchester United på besøk til 3. divisjonsklubben i FA-cupen. Bournemouth vann 2-0, og sjefen var ein relativt ung mann ved namn Harry Redknapp, som nettopp hadde begynt i sin første managerjobb.
  • 24. februar 2004 skreiv dei seg inn i rekordbøkene då innbytar James Hayter scora tre mål på 2 minutt og 21 sekund (sjå faktaboks).
  • I vinter, på vegen mot det som kan bli Premier League-status, slo Bournemouth Birmingham 8-0. Offisielle statistikkar fortel at det er klubbrekord i ligaen, men det stemmer ikkje heilt.
  • 2. september 1939 slo dei nemleg Northampton Town 10-0 i den tredje serierunden den hausten. Men dagen etter braut den andre verdskrigen ut, ligafotballen vart avbroten, og resultata frå dei spela kampane vart strokne.
Laster innhold, vennligst vent..

Fotballnyheter