Kalenderen viser 31. januar og cupvinnar Hødd er i gang med å få på plass nye spelarar til 2013-sesongen.
Torsdag melder klubben i ei pressemelding at Andreas Lie er klar for Hødd på lån frå AaFK for heile den komande sesongen. Lie var på lån i Hødd også i 2005, og spelte då seks kampar for dei blåkvite i 1. divisjon.
Etter det har 25-åringen spelt 31 kampar i Tippeligaen for AaFK og Odd. Dei tre siste sesongane har han spelt for kvittrøyene frå Grenland, og fekk tre Eliteseriekampar for Odd i fjor.
I haust kom han tilbake til Color Line stadion på ei toårskontrakt, men no ventar altså spel for Ulsteinvik-klubben.
Saken held fram under bildet
– God dekning
– Andreas har vore i Hødd på lån tidlegare og vi veit at han som type vil passe perfekt inn i Hødd-stallen. Han har fått nyttig erfaring både frå AaFK og Odd Grenland, og vil på den måte kunne vere med å sette ein standard kvar einaste dag på treningsfeltet.
– Andreas vil saman med Jan-Lennart sikre at vi har veldig god dekning på keeperplassen. Bak desse to kjem unge lovande Ole Monrad Alme frå rekruttstallen, alle med god oppfølging av Ronny, Frode og Stig Andor, seier sportssjef Andrè Nevstad.
Det å få inn to spelarar i denne aldersgruppa med erfaring, men som samtidig har sine beste år framfor seg, trur vi er bra for samansetjinga i stallen, seier sportssjef André Nevstad.
Årets spelar
I tillegg hentar Hødd inn Jesper Törnqvist. 27-åringen vart kåra til årets spelar for Alta i 1. divisjon i fjor, og imponerte både på og utafor bana då han vitja Hødd tidlegare i januar. Onsdag signerte han ei toårskontrakt.
Jesper Törnqvist kjem frå Kemiösaari i Finland. I sitt heimland har Törnqvist blant anna spelt for FC Inter Turku og FF Jaro, og han har fleire U-landslagskampar for Finland.
I 2008 gjekk han til Umeå i Sverige. Der spelte han i to sesongar. I 2011 signerte Törnqvist for den amerikanske klubben New Orleans Jesters. Derfrå gjekk ferda vidare til Alta, og han fekk med seg 28 kampar og to mål i 2012-sesongen. I tillegg til å bli kåra til årets spelar i Alta, kåra også supporterklubben han til årets bauta.
– Jesper gjorde eit veldig solid inntrykk då han var på besøk med oss tidlegare i januar. Han er ein spelar som likar å ta ansvar og som er flink å kommunisere ute på bana. Jesper er trygg med ball, han er tøff i stilen og flink til å sette krav både til seg sjøl og omgjevnadene. Han vart kåra til årets spelar og årets bauta i Alta i 2012, og vi trur at han vil passe godt inn i Hødd-miljøet, seier Nevstad.