No vil Egil Olsen at Norge tar grep offensivt.
– Vi håpar å skape meir framover. Det er målet. Vi har skapt for lite så langt i år, seier «Drillo».
Landslagssjefen har eitt klart ønske framfor privatlandskampen mot Tsjekkia og ikkje minst når EM-kvalifiseringen brakar laus igjen. Norge er nøydde til å skape meir foran mål.
– Vi har nokre retningslinjer som går på rom og vinklar som vi ikkje har jobba så mykje med. Dette kjem vi til å fokusere meir på fram mot Island-kampen, seier «Drillo».
Manglar tilretteleggar og fart
Spelarane i dagens tropp har til saman 41 landslagsmål, av desse står Morten Gamst Pedersen og John Arne Riise for heile 28.
– Kor viktig er det å få i gang andre spelarar i scoringsfasen?
– Vi jobbar med å skape sjanser jamt og trutt. Men vi manglar både den kreative tilretteleggaren samt fart i angrepsspelet. Så det er litt å gå på i forhold til kva som skal til for å «bøtte på» med sjansar og mål, seier landslagssjef Egil Olsen.
Skarp Moa blir viktig
Med John Carew ute av form og ute av troppe kviler ansvaret no på Hannovers Mohammed Abdellaoue. Det er han klar for å ta.
– Det er jo spissane og dei offensive spelarane si rolle å score mål, så det blir viktig, seier «Moa».
Også Olsen håpar «Moa» kan innfri framover.
– «Moa» er ein av dei skarpaste vi har når det gjeld å sette sjansar. Han treng ofte litt mindre sjansar enn dei andre for å få utteljing. Moa blir viktig, seier Olsen.
Sjølvsikker
I Bundesliga-seriestarten markerte Abdellaoue seg med matchvinnarscoring mot Hoffenheim.
At Moa allereie har opna scoringskontoen er ikkje nokon ulempe for landslaget.
– Sjølvtilliten blir bare betre og betre, seier Abdellaoue sjølvsikkert.