Vålerenga, Odd og Mjøndalen gjekk på sine første tap, Lillestrøm, Haugesund og Aalesund vann for første gong. Og fem av seks kampar torsdag enda med bortesiger.
1. Vann for sparka trenar
Tysdag sparka Aalesund Harald Aabrekk frå trenarjobben etter berre fire kampar som til saman hadde gitt berre eitt poeng. To dagar etterpå svara sunnmøringane med
. – I dag representerer vi Sunnmøre slik vi skal. Vi er trass alt Sunnmøres stoltheit, sa ein tydeleg rørt Trond Fredriksen, AaFK-trenar inntil vidare. Og han gløymde ikkje sin forgjengar. – Denne sigeren deler eg med Harald. Denne kampen var for han. VIF-trenar Kjetil Rekdal var mindre nøgd med kampen. – Om vi ikkje er betre søndag, blir vi pløgde av Lillestrøm, seier han.2. To raude kort og tre poeng
Bodø/Glimt ligg med sitt eine poeng framleis sist på tabellen. Det vart nytt tap torsdag, trass i at motstandaren spela siste halvdel av andre omgang
. Likevel makta ikkje Glimt å snu 0-2, og Haugesund kunne ta med seg tre poeng på flyet heim. – No må vi gå i oss sjølve og begynne å vakne. Dette er langt frå godt nok, tordna Bodø/Glimts Trond Olsen.3. Friday-hat-trick på ein torsdag
Fred Friday var mannen på Mjøndalen stadion. Heimelaget tok leiinga, men nigerianaren snudde kampen nesten på eiga hand då Lillestrøm banka mjøndalingane 4–1. Mjøndalen kom ned på jorda med eit brak etter si flotte serieopning med fire kampar utan tap. Lillestrøm brukte musklane som måtte til for å få sin første siger. Kjekt å ha i bagasjen før møtet med erkerival Vålerenga søndag.
4. Til topps trass straffebom
Aleksander Søderlund bomma på straffe på stillinga 1–1. Men kva gjer det når ein likevel scorar to mål, hjelper laget til
Start leia i over ein omgang, men bukka til slutt under for presset og duoen Mike Jensen og Aleksander Søderlund. Sistnemnde bomma på først straffe og sende deretter RBK i leiinga i løpet av eitt minutt. God siger å ha framfor storkampen mot Odd i Skien søndag.5. Odd var likevel ikkje uslåelege
– Spelemessig var vi klart best, men vi skaper for lite og slepper inn for lette mål, var Dag-Eilev Fagermos konklusjon etter at dei hadde gått mållause av bana i Sarpsborg og
Odd var utilnærmelege i tre og ein halv serierunde, før det rakna etter pause mot Mjøndalen sist og i heile kampen i Sarpsborg i kveld.