Hopp til innhold

Det året det var så kaldt

I moderne tid er det utenkeleg. Men for 50 år sidan tok vinteren knekken på nesten all fotball i England i fleire månader. Her er historien om "The Big Freeze".

Snø på White Hart Lane

White Hart Lane svarar til sitt namn: Tottenham-spelarane gjer sitt beste for å varme opp, men banemannskapa i bakgrunnen er sjanselause mot snøen og isen denne rekordvinteren. Cup-kampen mot Burnley må avlysast.

Foto: General / Topfoto

Fotball kan ofte vere vanskeleg om vinteren, også på Dei britiske øyane. Den verste vinteren av dei alle var for 50 år sidan – og den fekk også betydning for norske fotballtilhengarar og tipparar.

Fotballfolket på balløya begynte å snakke om den forferdelege vinteren 1946–47 då Sibir-kulden kom snikande frå nordaust like før jul i 1962. Det skulle bli betydeleg verre denne gongen, først og fremst fordi sprengkulden «aldri» slapp taket.

Vinterkulden beit seg fast, og vart supplert med uvanleg kraftige snøstormar som laga meterhøge fonner. Istappane frå hustaka kunne bli opptil tre meter lange. Vegar, jernbaner og flyplassar var blokkerte. Samfunnet stod stille, og fotballen med den. Og fotballen var naturleg nok ikkje prioritert – det var trass alt viktigare problem å løyse i det britiske samfunnet.

For ein nordmann høyrest ikkje dette serleg uvanleg ut. Men i England hadde ingen vore gjennom dette før.

Vinteren var den verste i England på 223 år. Ikkje sidan 1739/40 hadde britane opplevd noko liknande.

  • Etter ein uvanleg mild førjulsvinter slo det om til solid frost 22. desember. Om kvelden «Boxing Day» 26. desember begynte i tillegg snøen å kome i store dosar, og 29. og 30. desember feia ein kraftig snøstorm over Sør-England med fonner på opptil seks meter som resultat.
  • Januar vart den kaldaste månaden i det 20. hundreåret, og snøen og isen vart liggande. Bilete frå England såg ut som dei vakraste norske julekort med vinterstemning.
  • Så kom februar med meir snø og stormar på opptil styrke 8 på Beaufort-skalaen. England skalv.
  • Først ei veke ut i mars begynte vårveret å melde seg. 6. mars var første dagen sidan jul utan kuldegrader i England. Laurdag 16. mars var første dagen med eit fullstendig ligaprogram sidan midten av desember.

Katastrofe for fotballen

Det resulterte naturleg nok i utsette kampar i store mengder. Og i eit nesten umenneskeleg kampprogram då våren langt om lenge klarte å bryte gjennom.

– Det var katastrofe for fotballen der borte, og håplaust å skulle følgje med, seier Svein Solbakken på Kirkenær. Han var lidenskapeleg Chelsea-tilhengar og følgde nøye med i fotballen i England.

Billettinntektene var hovudinntektskjelda for klubbane på den tid. TV- og sponsoravtaler hadde ingen høyrt om. Det var billettane pluss inntektene frå programsalet, kioskar og pubar klubbane skulle leve av. Og alt det vart så å seie heilt borte.

– Eg hugsar at Chelsea rett og slett reiste til Malta og låg der og spela treningskampar i påvente av at frosten og snøen skulle spele taket. Det var litt uvanleg på den tida, seier Solbakken til NRK.

For liksom å erte fotballfansen litt ekstra, var det ekstra mange dagar med solskin over England i denne kuldeperioden.

(Artikkelen held fram under biletet)

The Big Freeze

Vakkert som eit prospektkort: Slik såg det ut i heile England frå jula 1962 til byrjinga av mars 1963. Også på fotballbanene...

Foto: Richard Johnson / geograph.org

Rekordlang cuprunde

Laurdag 5. januar skulle 32 kampar i FA-cupens tredje runde vore spela. Berre tre gjekk etter planen. 15 kampar i denne runden skulle bli utsette minst ti gonger. Flest gonger vart kampen mellom Lincoln og Coventry utsett. Først på 16. forsøket lykkast det å spele kampen. Og den siste kampen i 3. runde vart spela 11. mars - meir enn to månader etter opprinneleg dato, og omtrent då kvartfinalane skulle ha vore spela.

Opphopinga av kampane førte til at kvartfinalene vart utsette i tre veker og semifinalene i fire.

Men verst gjekk det naturlegvis utover ligakampane. På den tid gjekk så å seie alltid heile ligarunden – 46 kampar i fire divisjonar – på laurdag klokka 15.

  • 12. januar blei berre 4 av 46 ligakampar spela.
  • 19. januar 6 kampar.
  • 2. februar 4 kampar.
  • 9. februar 7 kampar.
  • 16. februar 11 kampar.

– I dag hadde ikkje problema blitt så store, iallfall ikkje for laga i dei øvste divisjonane. Dei har undervarme og generelt mykje betre arenaer enn den gongen. Men i 1963 var det katastrofe for klubbane, fortel Svein Solbakken.

Det var også vanskeleg å kome seg fram til dei få banene der det faktisk vart spela fotball. Toga køyrde seg fast i snøfonnene, og vegane var ofte meir eller mindre uframkomelege. Til og med Themsen låg under tjukk is i lang tid.

– Forferdelege baneforhold

– Det var ingen tv-kampar på den tida. Men avisene hadde bilete frå kampane, og det var tydeleg at det vart spela kampar under forhold som i dag langtfrå hadde blitt godkjende. Banene kunne til tider vere heilt forferdelege, seier Solbakken.

Dei største og rikaste klubbane hadde råd til å reise utanlands for trening og privatkampar. Men dei fleste hadde ikkje råd til det, og måtte gjere som best dei kunne heime. Mange prøvde å legge teppe over bana, men det hjelpte lite i frosten.

Smelta isen med flammekastar

Norwich fekk den glupe ideen å smelte snøen med flammekastarar. Dei lykkast, berre for å oppdage at smelta is og snø blir til vatn. Dette førte til overfløymd bane som etter kort tid fraus til stålis.

I Blackpool gjorde dei liknande erfaringar. Det fekk mellom andre landslagsspelarane Jimmy Armfield og Tony Waiters til å prøve skøytene ute på bana der fotballkampen skulle ha gått.

Etter kvart oppdaga dei som prøvde å rydde banene at når dei tok vekk snøen, gjekk frosten og telen berre endå djupare ned i bakken.

– Ofte møtte fansen talrike fram for å hjelpe til med å rydde banene. Men det var sjeldan hjelp i det – det var for mykje snø og for mange kuldegrader, seier Svein Solbakken.

Halifax Town tok konsekvensen av dette. Dei let fotball vere fotball, let bana fryse til – og tok inngangspengar av dei som ville bruke den som skøytebane. Det vart publikumssuksess.

Men fotball var det lite av i dei to første månadene i 1963.

Tre månader utan å få spele

Førstedivisjonslaget Bolton spela ikkje ein einaste kamp mellom 8. desember og 16. februar. Lenger nede i divisjonane der banefasilitetane var dårlegare, vart dei ufrivillige pausane endå lengre. Walsall i 2. divisjon spela ikkje mellom 15. desember og 9. mars.

Og då våren endeleg kom, gjekk klubbane frå lediggang og inntektsløyse til eit nesten drepande kampprogram for å ta igjen det tapte.

Coventry spela 25 kampar på 79 dagar etter at vinteren omsider slapp taket. Og stakkars fjerdedivisjonslaget Mansfield, som hadde vore utan kamp i 10 veker, måtte spele ti kampar – nesten ein fjerdedel av heile ligaprogrammet – i april månad.

Men det lønte seg. Dei klarte opprykk på målskilnad til slutt.

Utsett cupfinale

Dei siste kampane for sesongen, pluss cupfinalen, måtte utsetjast i tre veker etter den opprinnelege datoen. Først 25. mai kunne Manchester United møte Leicester i finalen i FA-cupen. Så seint hadde cupfinalen aldri før blitt spela.

Vinteren 1962/63 skulle sette varige spor etter seg. For tippeselskapa visste ikkje si arme råd når så å seie heile kampprogrammet fraus bort helg etter helg.

Norsk Tippings reglar på den tid tilsa at om det ikkje var spela nok kampar på tippekupongen til at toppremien nådde 5 (!) kroner, skulle heile kupongen annullerast og innsatsen betalast tilbake. Det hadde skjedd berre ein gong tidlegare i tippeselskapet si 15 år lange historie.

Men i 1963 måtte alle dei fire første speleomgangane annullerast. Berre to og tre kampar på kvar av kupongane vart spela, og det var ikkje nok.

Trekning gav "bingokupong"

Norsk Tipping forsto at noko drastisk måtte gjerast. 24. januar annonserte dei i avisene at frå og med speleomgang 5 skulle det alltid vere 12 tippeteikn. Avlyste eller avbrotne kampar skulle trekkjast.

Det viste seg å vere på tide. På trekninga sin debut-dag 2. februar vart alle kampane på kupongen avlyste. Kupong 5 i 1963 besto derfor av 12 trekte tippeteikn. Det var ingen favorisering, H, U og B (eller 1-x-2 som det var på den tid) hadde like store sjansar, uansett favorittstempel på laga som stod oppført.

- Mange var forbanna på Norsk Tipping for dette. Sjølv dei største favorittane kunne lett falle når det var like store sjansar for alle teikna. Interessa for tippinga gjekk jo også nedover når det var så mange avlysingar og resultata vart bingo, seier Solbakken. Han var sjølv ein ivrig «småtippar».

Norsk Tipping tok etter kvart konsekvensen av dette, og innførte «tendenstrekning», bygt på tipsa frå dei største avisene. Men det var først fleire år seinare.

"Pool's Panel" i England

Det vart bråk og avisdiskusjonar om trekninga, men ikkje på langt nær så mykje rabalder som i England. Der valde dei ei anna løysing, kalla «Pool’s Panel».

For også der vart den eine kupongen etter den andre avlyst. 26. januar kom «Pool’s Panel» i sving for første gong. Fem mann – fire tidlegare spelarar og ein tidlegare dommar – sette seg saman og avgjorde korleis kampane «skulle» ha slutta – med heime, borte eller uavgjort.

Tipparar i hopetal protesterte mot at deira innsatsar skulle avgjerast av ei lita gruppe menn på eit kontor. Men systemet vann fram likevel, så lenge alternativet var avlysing.

Ei avishistorie – sannhetsgehalten er ikkje bekrefta – gjekk ut på at ein spelar gjekk til sjefen og bad om sigersbonus etter ein avlyst kamp.

– «Pool’s Panel» sa at det var siger til oss, var spelarens grunngjeving.

– Ja, men du var ikkje tatt ut på laget, var managerens kvikke svar.

Britiske klimaforskarar har funne ut at det statistisk vil gå 1000 år til neste gong ein så kald og langvarig vinter vil råke Storbritannia. Og då har kanskje alle fotballbaner fått tak og varme...

Fotball

  • Vålerengas krisestart fortsetter – ydmyket av Mjøndalen

    Vålerenga fortsetter å slite i 1. divisjon. Søndag ble de sendt hjem fra Mjøndalen som slakt med 3-5-tap i bagasjen.

    – Vi svikter på veldig mange områder. Det er tungt, sier Vålerenga-trener Geir Bakke til TV 2.

    Dermed står Vålerenga fremdeles med sin ene seier etter fem kamper på nivå to. På de fire andre kampene har det blitt to uavgjort og to tap.

    Hovedstadslagets fem poeng holder til 11.-plass. Det er ett poeng over direkte nedrykk og fem poeng bak direkte opprykk.

    I søndagens kamp tok Mjøndalen tidlig ledelsen da Sivert Øverby skrudde et frispark ute ved sidelinjen helt inn i mål. Vålerenga utlignet ved Petter Strand like etter, men så kom Alie Conteh inn for vertene.

    Spissen fra Sierra Leone sendte Mjøndalen opp i 3-1 med to mål på overtid av den første omgangen. Kvarteret før slutt fullførte Conteh sitt hat trick.

    Fem minutter før slutt satte Keerat Singh inn 5-1. To sene scoringer fra Jones El-Abdellaoui og Christian Borckgrevink pyntet litt på resultatet for Vålerenga.

    Etter kampen var Vålerenga-spillerne borte og beklaget seg til frustrerte supportere.

    – Jeg skjønner at de er frustrerte og forbannet, sier Bakke.

    NM fotball menn 2024, Union Carl Berner - Vålerenga (0-3)
    Foto: Heiko Junge / NTB
  • Nytt Botheim-show i Allsvenskan

    Erik Botheim var i praktslag og leverte både scoring og en perleassist da Malmö moste AIK 5-0 og tok sin sjette strake seier i Allsvenskan.

    Dermed fortsetter den solide målvåren for Botheim og hans spissmakker Isaac Kiese Thelin. De to ligger øverst på toppscorerlisten i ligaen med henholdsvis fire og seks fulltreffere, og tillegg bøttet de inn mål i cupen.

    Henning Bergs AIK var ubeseiret før bortekampen i Malmö, men skulle fort få en realitetssjekk. Botheim lå godt plassert i feltet og stanget inn 1-0 på Jens Stryger Larsens presise innlegg etter 14 minutter.

    Spillehumøret var på topp hos Oslo-gutten, og etter drøye halvtimen viste han seg fram igjen. Botheim spilte vegg med Thelin før han elegant vippet lagkameraten igjennom slik at han kunne sette 2-0-målet.

    – Jeg sa til Isaac etter at jeg scoret at «nå skal du få den». Så jeg holdt det jeg lovet, sa Botheim til Discovery i pausen.

  • VAR-drama da Aston Villa snublet mot Chelsea

    Det ble 2-2 mellom Aston Villa og Chelsea på Villa Park lørdag kveld, etter en opphenting fra bortelaget. VAR sørget for at Chelsea ikke stakk av med seieren.

    Dermed tapte Villa viktige poeng i kampen om Mesterliga-plass. De ligger foreløpig som nummer fire, med tre kamper mer spilt, og syv poeng foran Tottenham på 5. plass.

    Aston Villa tok ledelsen allerede etter fire minutter. Marc Cucurella var uheldig og scoret selvmål.

    Et kvarter ut i kampen scoret Chelsea-spiss Nicolas Jackson, men etter en VAR-sjekk ble scoringen annullert for offside. Senere i omgangen var Jackson nære på med en heading, men denne gangen var det stolpen som hindret utligningen for Chelsea.

    I stedet var det Aston Villa som doblet ledelsen med et langskudd fra Morgan Rogers.

    Det tok 62 minutter før bortelaget fikk sin uttelling. Chelsea vant ballen etter høyt press og Noni Madueke curlet ballen i lengste hjørne og reduserte for gjestene.

    Og Chelsea var ikke ferdig. Ti minutter før slutt vartet Conor Gallagher opp med en nydelig utligning for gjestene.

    Cole Palmer var centimeter unna å sende Chelsea i ledelsen på overtid, men Robin Olsen reddet ut til hjørnespark.

    Hjørnesparket endte opp hos Axel Disasi, som trodde han sluttførte snuoperasjonen da han scoret 3-2 med en heading via Olsen. VAR ville dog ha et ord med i laget, og annullerte scoringen for en dytt i forkant.

    Chelsea blir med det værende på niendeplass, 19 poeng bak Villa.

    Gallagher
    Foto: Reuters
  • Leverkusen unngikk sesongens første tap – utlignet på overtid

    Nok en gang kunne Leverkusen puste lettet ut etter et utligningsmål på overtid. Den ubeseirede rekken strekker seg til 46 kamper med 2-2 mot Stuttgart.

    Leverkusen har hatt som vane å redde seg fra tap med flere overtidsscoringer denne sesongen, men det så ikke ut til at det skulle gjenta seg mot Stuttgart. Gjestene ledet 2-1 da Leverkusen fikk frispark over tilleggstiden.

    I feltet dukket Robert Andrich opp og banket ballen i mål til ellevill jubel.

    Leverkusen sikret seriegullet tidligere i april. Det er klubbens aller første Bundesliga-tittel.

    Chris Führich og Deniz Undav sørget for at Stuttgart ledet 2-0 etter en snau times spill før Amine Adli reduserte like etterpå.

    Leverkusen kan fortsatt vinne både europaligaen og den tyske cupen i tillegg til Bundesliga. Det gjenstår maksimalt sju kamper for laget. De møter Roma i semifinalen i europaligaen og Kaiserslautern i cupfinalen.

    Alonso var tidligere i sesongen ønsket både som ny manager i både Liverpool og Bayern München, men han har valgt å bli i Leverkusen også neste sesong. (NTB)

    Bayer Leverkusen
    Foto: AP
  • To nordmenn klare for Mesterliga-finalen

    Et rødt kort til Chelseas Kadeisha Buchanan ble avgjørende da Barcelona vant 2-0 borte mot Chelsea og tok seg videre til finalen i kvinnenes Mesterliga med 2-1-seier sammenlagt.

    Caroline Graham Hansen og Ingrid Syrstad Engen startet for regjerende mester Barcelona, mens Maren Mjelde og Guro Reiten startet på benken for Chelsea.

    Chelsea ledet 1-0 fra den første kampen, og hadde overtaket før returoppgjøret på et fullsatt Stamford Bridge.

    Overtaket varte kun i 25 minutter. Da sendte Aitana Bonmatí bortelaget i ledelsen.

    Etter 59 minutter fikk Chelseas Kadeisha Buchanan sitt andre gule kort på fire minutter. Dermed måtte Chelsea spille resten av kampen med en spiller mindre.

    – Det første gule kortet var soleklart, mens det andre gule kortet er klumsete og urutinert av en såpass rutinert spiller, sier NRKs ekspertkommentator Carl-Erik Torp om utvisningen av Buchanan, som har over 50 landskamper for Canada.

    Chelsea byttet inn Reiten like etter det røde kortet, uten at det hjalp stort.

    I det 73. minutt ble Bonmatí felt på vei frem og dommeren pekte på straffemerket.

    Svenske Fridolina Rolfö omsatte straffen i mål og sendte Barcelona opp i 2-0 ledelse med en spiller mer på banen.

    – En oppgave som var knalltøff for Chelsea fra før, blir bare enda tøffere, sa NRKs kommentator Christian Nilssen.

    Chelsea maktet ikke å slå tilbake, og Graham Hansen og Syrstad Engen kunne dermed juble for Barcelonas fjerde Mesterliga-finale på rad.

    Barcelona møter Lyon eller Paris Saint-Germain i finalen. Det blir avgjort i den helfranske semifinalen søndag.

I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah