– Om eg blir utsett for rasisme under kamp, vil eg forlate banen og dra heim, seier Balotelli til BBC.
Den kontroversielle spissen har truleg fått med seg den tidlegare Premier League-stjerna Sol Campbells kritikk mot tildelinga av EM til Polen og Ukraina.
Campbell har nemleg råda England-fansen til å halde seg heime under meisterskapen fordi han sit med inntrykket av at rasistisk motivert vald florerer i dei to nasjonane.
– Eg taklar ikkje rasisme
Spelarar vil truleg heller ikkje komme unna rasistiske tilrop. Skjer det med Mario Balotelli, lovar spissen at han vil setje hardt mot hardt.
– Rasisme er uakseptabelt. Eg taklar det ikkje. Vi lev i 2012. Det skal ikkje skje, seier han.
– Kaster nokon ei banan på meg på gata, så kjem eg i fengsel fordi jeg drep vedkommande, legg Balotelli til.
«Ein neger kan ikkje vere italiensk»
Spissen, som ofte har hamna i medienes søkelys etter bråk både på og utanfor banen, er godt kjend med rasehets, og har sjølv ofte fått oppleve hånleg og nedsetjande ord frå motstandarfans.
Spesielt då han spelte for Inter i Serie A var dette eit problem for italienaren, som er fødd i Ghana.
«Ein neger kan ikkje vere italiensk,» sang motstandarfans om Balotelli.
«Om du hoppar opp og ned vil Balotelli dø,» var eitt av Juventus-fansens favorittrop, ifølgje Guardian.
– Italienske fans taklar ikkje at Balotelli er svart og italiensk, sa Sandro Modeo, journalist i Corriere della Sera om situasjonen den gangen.
Det gjenstår å sjå om Balotelli vil oppleve det same i Polen og Ukraina, og om han gjør alvor av det han seier.
– Talentet Gud har gitt meg er fantastisk, men det er vanskeleg å ha fordi eg heile tida møter folk som vil dømme meg, fortel Balotelli.