Årsaken til det er at klubben må meir enn halvere budsjettet i 2012, og at halvparten av spelargruppa forsvinn i vinter - mellom anna han sjølv.
– No snakkar vi om at det skal forsvinne seks, sju, åtte, ni, ti spelararar, og då blir det vanskeleg, seier Andersson til NRK.
Den næraste framtida ser dyster ut for Stabæk. Klubben må flytte frå Fornebu til Nadderud, budsjettet blir kutta frå 70 til 30 millionar og halvparten av spelarane i A-stallen forsvinn i vinter.
- LES OGSÅ:
– Glad for at eg må dra
Johan Andersson trur klubben får store problem med å unngå nedrykk.
– Kortsiktig blir det tungt. Ein får tenke på talentutvikling og unge spelarar med låg løn og satse på lag utan direkte erfarne og meritterte spelarar, seier Andersson.
Andersson er sjølv bosmannspelar, og blir ein av dei mest meritterte i Stabæk-mannskapet som forsvinn.
– I 2008 kom eg hit. Då hadde klubben store ambisjonar om ein ny arena, og tankar om ei fin framtid. Det har vel sakte, men sikkert gått den andre vegen. Eg står utan kontrakt etter sesongen, og det er eg glad for, seier han.
- LES OGSÅ:
Mot ein annan norsk klubb
Svensken er i samtalar med sju-åtte klubbar, og mykje tyder på at han blir å sjå i eliteserien også neste år.
– Det blir Skandinavia, og flesteparten av dei interesserte klubbane er frå Norge. Så det ligg vel bra tilrette, seier Andersson.
- SJÅ VIDEO FRÅ ARKIVET: