Eggen var heile tida einaste kandidat til å overta som RBK-trenar ut 2010-sesongen når Hamrén reiste heim til Sverige, kom det fram på pressekonferansen torsdag.
- Eg føler meg ikkje som nokon ny trenar, sa Nils Arne Eggen til lettare latter då han vart introdusert som neste Rosenborg-trenar på ein pressekonferanse torsdag.
- Tatt over etter meg sjølv
68 år gamle Nils Arne Eggen ovetar som trenar for Rosenborg, seks og eit halvt år etter at han slutta sist. Han skal ta roret i klubben ut året. - Eg har slutta mange gonger, og har ofte tatt over etter meg sjølv, sa Eggen i vanlig slentrande og humoristisk stil.
Han vart avvist då han i vinter lanserte seg sjølv. Det legg han liten vekt på no.
- Det drog ut og drog ut, og eg venta på svaret. Det var ikkje slik at eg tok noko initiativ, sa Eggen.
- Du har gjort ein god jobb Erik, sa Eggen til avtroppande trenar Erik Hamrén. - Du fekk toget på skinnene igjen, no blir det mi oppgåve å halde det der.
Erik Hamrén blir svensk landslagssjef på heiltid frå tysdag. han leiar sin siste kamp mot Viking andre pinsedag.
- Erik har gjort ein god jobb
- Vi er fornøgd med jobben Hamrén har gjort. Han kom for å føre RBK tilbake til toppen, og det har han klart, sa RBKs styreleiar Terje Svendsen på pressekoferansen torsdag.
Sportsleg leiar Erik Hoftun sa at han er veldig glad for å ha kome fram til ei løysing som er god for alle partar.
- Vi får ikkje nokon betre trenar til å tette holet enn han Nils, sa Hoftun.
Eggen einaste kandidat
Han har blanda kjensler i dag.
- Dette er ei god løysing for 2010, og vi er glad for å få Nils tilbake. Vi har hatt god dialog med han sidan i fjor haust, og det har aldri vore nokon annan kandidat på kort sikt. Vi veit han har masse kvalitet. Men det er ikkje lett å sleppe Erik Hamrén, seier Hoftun.
Rosenborg vil ikkje seie noko om kor mykje pengar dei har fått for å sleppe Hamrén.
- Men vi har fått kompensasjon for freden i Brømsebro. Og den var jo som kjent ikkje billig, seier Eggen kjend gammal stil.
RBK har jobba for å få til denne løysinga før 1. juni, tre månader før kontraktstida med Hamrén gjekk ut.
- Vi har jobba godt dei siste vekene, seier styreleiar Svendsen.
Til 31. desember
Han seier at klubben jobbar vidare med ei langsiktig løysing. Eggens kontrakt går fram til 31. desember. Og han er ikkje aktuell etter det.
- Heiter den nye trenaren etter 31.12. Jan Jönsson?
- Ingen kommentar.
Stolt Hamrén
Hamrén vil dele æra med mange.
- Eg er stolt over det eg har vore med på. Rosenborg er den største utfordringa ein trenar kan ha i Norden, og eg er fornøgd med det eg har vore med på. Og vi greidde jo å klatre til topps igjen, seier Hamrén.
Han er spent på si eiga framtid.
- Eg ser fram til å vere landslagssjef på heiltid. Men kanskje eg kjem til å kjede meg etter ei stund. Eg har vore trenar i 32 år, og i dei åra stort sett vore på trening og kamp kvar dag. Det blir det ei endring på no, seier han.
- Og Rosenborg kjem alltid til å vere i mitt hjarte, seier han.
RBK-veteran Roar Strand veit kva han går til med Eggen som sjef.
- Vi har visst det ei stund, men det var overraskande at det skulle skje no, seier Strand.