- Kofi er onkel i Ghana

I eit ellevilt intervju med NRK konkluderar Start-direktør Svein Mathisen med at Anthony Annan er nevøen til Kofi. Men det er i Ghana.

Kofi Annan
Foto: Seth Wenig / AP

I eit brev frå faren til Anthony Annan skriv faren at han sjølv er fetteren og ikkje broren til Kofi Annan. Brevet er sendt både til Start og til Først&Sist-redaksjonen.

 

 

Svein Mathisen
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Likevel meiner Mathisen at Anthony Annan kan kalle Kofi for sin onkel. I Ghana skal det nemleg vere vanleg at óg fjernare familiemedlemmer blir omtala som nærare enn dei formelt er.

- Difor er det naturleg for Anthony å kalle Kofi for onkel, seier Start-direktør Svein Mathisen til NRK.

Han seier vidare at Anthony tykkjer heile situasjonen er trist. I tillegg er Anthony ein beskjeden gut, som ikkje skryt på seg slektskap. Her er det mange onklar og tanter, berre så det er sagt, held Mathisen fram.

Anthony Annan kom til Start før denne sesongen, og sa tidleg at han var nevø til den tidligare generalsekretæren i FN.
- Han er bror av far min, og det er eg særs stolt av. Eg har aldri sett han, men håper eg kan treffe han ein dag.
Det sa Anthony Annan til Fædrelandsvennen i februar.

- Vi i Start har ikke røntgenfotografert familien til Anthony

Kofi Annan avkrefta slektskapet til Anthony då Først&Sist-redaksjonen kontakta den tidlegare generalsekretæren i FN tidlegare i dag.

- Vi fekk tak i folka rundt Kofi Annan då han landa i Oslo i dag tidleg, og Kofi kunne ikkje stadfeste at Anthony var nevøen.
Difor vart saka sjekka ut av programmet på vanleg journalistisk vis. Det seier prosjektleiar i Først og Sist, Charlo Halvorsen.

Svein Mathisen samanliknar det heile med ein episode av fjernsynsserien Soap. Han er samstundes kritisk til Først&Sist- redaksjonen som først inviterte Anthony Annan til sendinga fredag, for så å avlyse avtalen.

- Plass til Kofi i Menigheden

Mathisen håper dei to likevel kan møtast. Ikkje minst etter at Kofi Annan har lest det omtala brevet.

- Når Kofi ser at han har ein nevø som spelar fotball for Start i Kristiansand, kjem han til å melde seg inn i Menigheden, supporterklubben til Start, avsluttar Mathisen.

Fotballnyheter