Hopp til innhold

- Her kjem ein tett på kulturen

Denne helga startar ligasystemet i lågare divisjonar i England. AFC Wimbledon-supporter Hans Petter Bakke er av fanatiske nordmenn som vil stå på tribunen med store håp og forventningar.

Hans Petter Bakke

Hans Petter Bakke på Kingsmeadow før kampen mot Bristol Rovers i dag. Bak heng det engelske og det norske supporterklubbflagget.

Foto: Privat

– Eg håpar vi kan få etablert oss midt på tabellen denne sesongen. Men det handlar om å lære å krype og gå, for så å springe. Målet vårt blei jo nådd i fjor, då vi kom tilbake i det engelske ligasystemet.

Det seier AFC-Wimbledon-blodfan, Hans Petter Bakke, om forventningane til klubben som på ni sesongar har rykka opp fem divisjonar.

I dag er klubben klar for å spele sin første kamp i engelsk League Two.

– På «nikk og hei» med 200-300 mann

Bakke er ein av fleire som reiser til England for å oppleve noko litt annleis enn fans som dreg på Premier League-arenaene.

Han er leiar i den norske AFC Wimbledon-supporterklubben, og dermed ein av mange nordmenn som held med eit lag i lågare divisjonar.

– Går ein på pub etter ein kamp i Premier League treff ein kanskje fire-fem mann før ein går heim og legg seg. Men i lågare divisjonar er ein på «nikk og hei» med nærare 2-300 mann, og gjerne veldig tett med 30-40 mann, seier Bakke.

(artikkelen held fram under biletet)

Hans Petter Bakke

AFC Wimbledon-supporter, Hans Petter Bakke (midten), fortel om ein inkluderande kultur i lågare divisjonar i England. Her med initiativtakarar og leiarar i AFC Wimbledon før møtet med Bristol Rovers på Kingsmeadow i dag. Frå venstre: Gavin Ainslie, Mark Jones, Hans Petter Bakke, formann Erik Samuelson, marknadssjef Ivor Heller og Lawrence Lowne.

Foto: Privat

Krangla med trenaren om keeperval

Brentford

Robin Hesmyr (bak til venstre) saman med andre norske Brentfordfans.

Foto: Privat

Og det er nærheit til klubbane som gjer at fleire nordmenn har stor interesse for lag i lågare divisjonar, trur supporterleiaren for den norske Brentford-fansen, Robin Hesmyr.

– Ein møter alt frå formannen i klubben til fansen når ein er på tur. I fjor kom til dømes formannen og den gamle manageren i Brentford bort til oss før kamp, og ville helse bare fordi vi var nordmenn, seier Hesmyr.

Nokon gonger kan det kanskje bli vel nært mellom supporter og klubb.

– Eg krangla mykje med trenaren vi hadde for fire, fem år sidan fordi eg meinte han brukte feil keeper, seier AFC Wimbledon-fan Bakke humoristisk.

Vil komme nærare fansen

Uwe Rösler

Brentfords ferske manager, Uwe Rösler, kan sørge for auka norsk interesse rundt laget.

Foto: Schrøder, tor Erik / SCANPIX

I League One-klubben Brentford satsar dei norske supporterane på å komme endå nærare fansen, og kanskje like nær klubbens nye manager Uwe Rösler som har lang bakgrunn frå norsk fotball.

– Når det var klart at Rösler fekk jobben var det mange som var nysgjerrige, og gjerne kanskje skeptiske sidan han bare hadde trenarerfaring frå Norge. Då måtte vi jo orientere litt om kven denne mannen er og har stått for i norsk eliteserie, seier Hesmyr.

Rundt 30 medlemmar brå den norske Brentford-supporterklubben brukar å samle seg til ein stor kamp i året, men reiser også ofte kvar for seg.

Hesmyr trur ikkje det er store forskjellane på ein nordmann som dreg til England bare for å sjå Premier League-fotball, og ein som følgjer eit bakgardslag på 3. eller 4. nivå.

– Folk er like lidenskaplege for klubben sin uansett kva nivå det er snakk om, seier han.

(artikkelen held fram under biletet)

Hesmyr

I mindre klubbar frå engelsk fotballs bakgard er det mogleg å komme nær heile klubben. Her er Brentford-fan Robin Hesmyr saman med Michael Turner som seinare spelte i Premier League.

Foto: Privat

Wimbledon-Jones: – For mange menn

AFC Wimbledon

Ein av initiativtakarane til stiftinga av AFC Wimbledon, Mark Jones (th), vil ha fleire norske kvinner til engelske fotballarenaer. Her med marknadssjef Ivor Heller før møtet med Bristol Rovers laurdag.

Foto: Privat

At inntoget av normenn er stort i lågare divisjonar, blir også lagt merke til av engelskmennene.

Mark Jones, ein av initiativtakarane til stiftinga av AFC Wimbledon, seier at det no kjem så mykje nordmenn til England at dei må vurdere å gjere noko.

– Problemet er at det er bare menn som kjem. Vi bør innføre kvotering, og få kvinnene til å komme over frå Norge, seier Jones lattermildt til NRK.

Går på pub med spelarar og trenarar

På Wimbledons Kingsmeadow kjem Bristol Rovers til kamp laurdag. Bakke fortel at han allereie er på plass, mellom formenn og spelarar i den tradisjonsrike klubben.

Han er ikkje i tvil om at det er forskjell på norske supporterar i England.

– Her kjem ein så tett på kulturen og heile laget. Det er ikkje pengane som styrer som i den øvste divisjonen. Der må enkelte fans ta lån for å kjøpe sesongkort.

Bakke trekk fram den store graden av kompiskjensle i småklubbar.

– For min del, i Wimbledon, er det ikkje bare å henge med dei gode venene mine her, men også med spelarar og trenarar på pub etter kamp. Ein føler seg ikkje som ein fotballturist, men meir som ein del av heile kulturen, seier han.

– Vil gjerne ha fleire nordmenn med

Nordmannen, som har vore Wimbledon-supporter sidan 1985 og AFC Wimbledon-tilhengjar sidan klubben etablerte seg i protest mot flyttinga til Milton Keynes utanfor London, er klar for å få endå fleire nordmenn med i supporterklubben sin.

– Då vi spelte opprykksplayoff i fjor var vi fleire nordmenn på plass. Under straffekonkurransen gjekk vi heilt «bananas», og grein då det heile var avgjort til vår fordel.

– Det ville jo heilt klart vore moro om fleire blei med på sånne ting, seier Bakke, som sitrar av spenning før AFC Wimbledon går på banen til sin første kamp i det engelske ligasystemet.

Hans Petter Bakke

Hans Petter Bakke og medsupporter Endre Kleiven på opprykkskamp med AFC Wimbledon tidlegare i år.

Foto: Privat

Fotball

  • Berge kåret til sesongens spiller i Burnley

    Sander Berge ble hedret som sesongens spiller i Burnley under lørdag kveld. Berge ble kåret til sesongens spiller både i en kåring basert på stemmer fra Burnley-fans verden over og en kåring hvor spillerne selv hadde stemt.

    – Dette betyr mye for meg. Burnley er en fantastisk fotballklubb, sier Berge i pressemeldingen, hvor han også takker supporterne for støtten.

    Lørdag tapte Burnley 1-4 hjemme mot Newcastle. Med to kampr igjen å spille har de fem poeng opp til Nottingham Forest og trenger et lite mirakel for å unngå nedrykk.

    Berge kom til klubben før 2023/24-sesongen.

    Sander Berge
    Foto: Reuters
  • Pellegrino lurte stjernekeeper Lloris – scoret sesongens andre i MLS

    Amahl Pellegrino er for alvor i ferd med å få fart på karrieren i Major League Soccer. Lørdag rundet han tidligere Tottenham-keeper Hugo Lloris og scoret for San Jose Earthquakes.

    Pellegrinos fulltreffer bidro til at laget hans beseiret Los Angeles FC med 3-1.

    Den tidligere Bodø/Glimt-yndlingen satte inn 2-0-målet i kampen ti minutter ut i annen omgang. Etter en strålende pasning av argentineren Cristian Espinoza kom Pellegrino alene med Los Angeles-keeper Lloris. Nordmannen rundet sisteskansen og trillet ballen i nettet.

    Pellegrinos scoring var hans andre for sesongen. 33-åringen startet lørdagens kamp til venstre i Earthquake-angrepet. Han ble byttet ut etter 69 minutters spill. (NTB)

    Pellegrino
    Foto: Reuters
  • Vålerenga med seier nummer to på rad – Stabæk vant toppkampen 5-0

    Vålerenga fulgte opp 1-0-seieren over Tromsø i cupen i midtuka med en ny 1-0-seier over Bryne i 1. divisjon.

    Matchvinnerscoringen var et rotemål av dimensjoner. Vålerenga brøt en Bryne-kontring og kontret selv på venstresiden. Det endte til slutt med at Ola Kamara fikk lirket ballen i retning streken, men det var Jacob Haahr Steffensen som var sist på ballen, og han ble derfor kreditert et selvmål.

    I rundens toppkamp rullet Stabæk over Kongsvinger i 1. omgang og ledet 3-0. KIL fikk også en spiller utvist på tampen av omgangen, og det gjorde ikke saken bedre for de røde. Stabæk vant til slutt 5-0.

    (NTB)

    1. divisjon i fotball for menn 2024: Vålerenga - Bryne
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Straus' Bayern München vant sjette strake seriegull

    Bayern München vant 2-1 borte mot Leverkusen og forlenget dermed rekken med seriegull i kvinnenes Bundesliga til seks.

    Seieren betyr nemlig at laget til den norske treneren Alexander Straus ikke lenger kan tas igjen foran sesongens to siste kamper. Det skiller sju poeng ned til Wolfsburg på 2.-plass.

    Bayerns kvinnelag er ubeseiret i 37 ligakamper, og de er også klare for den tyske cupfinalen, hvor de møter Wolfsburg på torsdag.

    (NTB)

    Bayern München trening
    Foto: Johan Nilsson/TT / NTB
Erling Braut Haaland