– Det har vore ein del stong ut. Eg vil seie dette er første vinteren eg har fått trena godt. Eg kan ikkje hugse siste det gjekk så bra ein vinter, for det har alltid vore eitt eller anna, fortel Line Kloster til NRK.
Ho har vore ein del av Noregs friidrettstropp i meisterskap i ei årrekkje. Men først no, i slutten av mai, hadde ho si kanskje aller beste veke på ein friidrettsbane.
Først kom ho seg endeleg under 52-blank på 400 meter flatt i Spania, og fire dagar seinare sette ho personleg rekord på 400 meter hekk med 54.99 under eit stemne i Belgia. Det som 32-åring.
– Både å bikke under 52 og 55 er herleg, som to ulike verder, sjølv om det er nokre hundredelar berre, meiner ho.
– Får ete orda sine
Det er også godt å vise kva ein faktisk er god for.
– Allereie i 2017 fekk eg høyre at eg burde leggje opp. Det blir sagt at eg er for gammal og treg, heilt sidan det.
– Kven har sagt det?
– Det speler inga rolle, men det er sagt og er irriterande. Men det gav veldig motivasjon for 2018 og eg har år etter år bevist at det er tull, så dei får ete orda sine i etterkant, svarer Kloster.
SKADEFRI: Oppladinga har endeleg vore nærast perfekt for Line Kloster før VM- og EM-sesongen 2022.
Foto: Roy Kenneth S Jacobsen / NRKEigentleg taklar ho fint å høyre påstandar frå «folk som burde vite betre», men det er tyngre når dei siste sesongane då også har vore prega av skadar.
– Spesielt i fjor sleit eg med legger og akilles, begge to. Eg kunne nesten ikkje gå. Berre å gi gass i bilen gjorde vondt, fortel ho.
Viktig heimelaga triks
Derfor reiste ho til Sør-Afrika i åtte veker i fjor vinter. Der sprang ho berre på gras dei første vekene. Ho kjende seg i elendig form, men mot slutten av opphaldet merka ho framgang.
– Hadde eg ikkje gjort det, så hadde eg vore ferdig. I alle fall ikkje hatt nokon sesong i fjor og eg hadde ikkje hatt motivasjon til å halde fram (førre sesong), innrømmer Kloster.
REDNINGA: På denne grasplenen i Sør-Afrika trena Kloster i vekevis, og redda karrieren.
Foto: PrivatKloster og trenar Petar Vukicevic er akkurat ferdig med ei vellykka treningsøkt i Bærum Idrettspark. Dei har lært å gjere visse tilpassingar med mellom anna underlaget for å halde kroppen i sjakk.
Ho har også eit anna triks som har vist seg å fungere bra, og dreg to leggvarmarar i ull opp av bagen. Den eine heimestrikka, og det blir lagt merke til.
– Nokon ler og nokon synest det er ein god idé. Det blir kommenterte mykje, litt spøkefullt, men eg synest berre det er gøy, seier Kloster, og forklarer bruken:
VIKTIG: Kloster bruker leggvarmarar i ull når ho varmar opp.
Foto: Roy Kenneth S Jacobsen / NRK– Eg har slite med å bli varm nok i muskulaturen, spesielt når det er under 20 grader, sjølv om eg bruker dei i 30 grader òg. I staden for å auke tida eg varmar opp, så kan eg no auke bitte litt, bruke leggvarmarar og framleis bli god og varm. Det har vore veldig viktig.
Trur på rekord
Både Kloster og Amalie Iuel har begge teke både EM- og VM-kravet på 400 meter hekk. Eit anna mål er norsk rekord, eller kanskje helst to. Per dags dato har Iuel begge to, med 51.64 flatt og 54.72 med hekkar.
– Eg vil seie at utviklingsmessig kan det vere mogleg. På 400 meter hekk så tenkjar eg at den rekorden blir flytta uansett, av anten meg eller Amalie. Eg har like god moglegheit på 400 meter flatt, for det var ikkje eit perfekt løp i Spania, meiner 32-åringen.
Trenar Vukicevic meiner eleven har rekord-sjansar, og meiner alderen hennar kan vere ein fordel.
I TOKYO: Line Kloster kom seg til OL, men ikkje vidare frå kvalifiseringa på 400 meter hekk.
Foto: Lise Åserud / NTB– Line har jobba veldig hardt for det i mange år. Ho har bevist at kontinuitet i trening er veldig viktig. Øvinga hennar er komplisert både rytmisk og teknisk og då er erfaring alfa og omega. Du må komme i ein viss alder for å springe fort på 400 meter hekk og der er Line no, seier han.
Heller ikkje trenaren bryr seg om kritikarane.
– Det er alltid nokon som meiner noko. Eg ser ingen grunn til at dei ikkje skal drive med dette til dei er 35 år, og det viser seg, påpeikar Vukicevic.