Hopp til innhold

Fagermo meiner eigen 19-åring er Eliteseriens beste – det får supertalentet til å fnyse

Odin Thiago Holm (19) har «berre» vore involvert i sju eliteseriekampar denne sesongen. Likevel meiner Vålerenga-sjefen at ungguten er den beste spelaren i ligaen.

Vålerenga

HYLLER: Dag-Eilev Fagermo sparer ikkje på lovorda når han snakkar om Vålerengas supertalent.

Foto: NTB

Eg har ikkje sett eit større fotballtalent i Noreg nokon gong. Når Odin er skadefri, er han den beste spelaren i Eliteserien.

Dag-Eilev Fagermo lyser opp når han snakkar om midtbanejuvelen sin.

Odin Thiago Holm var endeleg tilbake på banen igjen tidleg i juli, etter at han i mai pådrog seg nok ein skade. No har det vorte tre innhopp på rappen for ungguten, som fekk spele éin omgang i 4-2-sigeren mot Viking sist helg.

Det til den store gleda til Vålerenga-sjefen, som prisar seg lykkeleg over å ha 19-åringen tilbake og skadefri.

Eliteserien i fotball 2022: Vålerenga - Viking (4-2)

I AKSJON: Thiago Holm fekk 45 minutt mot Viking førre eliteserierunde.

Foto: Christoffer Andersen / NTB

Ueinig med sjefen

Det er ein ganske sterk påstand å meine at han er Eliteseriens beste spelar, med tanke på kor lite han har spelt?

Det er det. Men det er fordi potensialet er så stort. Han er ikkje den beste spelaren til Eliteserien så lenge han ikkje speler, men potensialet er så høgt at når han speler og får spele over tid, så er han det, meiner Fagermo.

Det får stortalentet til å smile, men han er ueinig i påstanden til sjefen.

Det er nok litt humor i det. Eg har ikkje bevist noko som helst enno. Men det er artig at han seier det, svarar Thiago Holm.

Er du den beste spelaren i Eliteserien?

Det er eg nok ikkje, seier han.

Skadeplaga

Fagermo beskriv trønderen som ein «komplett» spelar, trass sin unge alder og korte fartstid på toppnivå. 19-åringen har vore svært skadeplaga sidan han kom til hovudstadsklubben i 2019 og vore meir på sidelinja enn på banen.

Ein meniskskade har sett Thiago Holm på sidelinja i sesongstarten to år på rad. Førre sesong gjekk han glipp av dei første ti eliteseriekampane, medan i år rauk dei første seks kampane for midtbaneeleganten, som har gitt seg sjølv mellomnamnet «Thiago» på grunn av begeistringa si for Liverpool-spelaren Thiago Alcântara.

Eliteserien i fotball 2022: Sarpsborg 08 - Vålerenga (0-1)

STORNØGD: Fagermo meiner Thiago Holm er Eliteseriens beste spelar, og håpar å behalde ungguten så lenge som mogleg.

Foto: Christoffer Andersen / NTB

Han har fart og fysikk på eit internasjonalt nivå. Han har eit blikk og ferdigheiter som også er på eit internasjonalt nivå, som få norske spelarar har. Det er berre for han å få meir erfaring og halde seg skadefri, så er det ikkje lenge han er i Noreg, dessverre, seier Vålerenga-trenaren.

Utruleg spennande

Eliteserieekspert i Discovery, Petter Bø Tosterud, meiner ein må sjå Thiago Holm hyppigare på eliteseriearenaer før ein kan felle ein dom over kor god han er, samanlikna med resten.

Ein såg jo i ein 20 minutts periode mot Viking sist at han evna å vere ekstremt dominant i ein eliteseriekamp.

Eksperten er klar på at Vålerenga har mykje godt i vente, viss midtbanespelaren held seg skadefri.

Han er ein utruleg spennande spelar som kan vere med å avgjere kampar. Han kan bli ekstremt viktig, seier han og legg til:

Eliteserien fotball 2021: FK Haugesund - Rosenborg (0-0)

EKSPERT: Tosterud meiner Thiago Holm er ein spelar fleire utanlandske klubbar allereie har på blokka.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Det einaste han ikkje kan er å spele fleire kampar etter kvarandre. Det har vore han akilleshæl.

I mai var det ein lyskestrekk som sat Thiago Holm ut av spel. Etter tre eliteserieinnhopp i juli, seier hovudpersonen at han er klar for å endeleg starte ein ligakamp igjen.

Det har vore tøft med skadane, gong etter gong no. No ser det veldig bra ut. vi har tre sigrar på rad og kroppen kjennest veldig fin ut.

  • Vålerenga møter Jerv på Levermyr laurdag. Der kan Oslo-laget ta sin fjerde strake siger i Eliteserien.

Siste nytt

  • Jæger avsluttet sesongen med tredjeplass

    Henriette Jæger presterte godt på 400 meter i New York da hun tok tredjeplass i et sterkt felt.

    OL-vinner på distansen Marileidy Paulino var klart best og stakk av med seieren, mens Salwa Eid Naser ble nummer to.

    Jæger løp inn til tiden 51,24.

    Athlos-løpet i New York, som var rent kvinnestevne, var Jægers siste løp for sesongen. Hun ender dermed opp på 31 konkurranser denne sesongen, noe hun innrømmet overfor NRK at var litt mye.

    – Det har vært en helt sykt lang og innholdsrik sesong. Når jeg setter meg ned og ting er litt roligere, så tenker jeg jo at det her har faktisk vært veldig mye, sa Jæger.

    En gruppe kvinner i atletiske uniformer
    Foto: Christine Olsson / TT / TT / NTB
  • Norges U21-herrer fikk juling av Spania

    Det norske U21-landslaget møtte tøff motstand og tapte 0-4 mot Spania i en privatlandskamp.

    Etter et kvarter gikk spanjolene opp i føringen med etter et innlegg som ble stanget i mål av Simo Keddari.

    Angel Ortiz doblet ledelsen etter en halvtime etter en retur fra Martin Børsheim. Real Madrid-spilleren Gonzalo Garcia økte til 3-0 rett før pause.

    Miguel Carvalho sørget for 4-0 etter 60 minutter.

    Norge spiller ingen tellende kamper denne måneden etter at de innledet EM-kvalifiseringen med 5-0-seier over Slovenia i september.

    I november venter imidlertid Israel og Bosnia-Hercegovina i EM-kvalfifseringen for U21-landslaget. Nederland er også i gruppa. (NTB)

    en mann i sportsuniform
    Foto: Trond R. Teigen / NTB
  • Sverige tapte skjebnekamp – VM-drømmen i fare

    Sverige har fortsatt ikke vunnet en kamp i VM-kvalifiseringen. Fredag gikk de på et 0–2-tap mot Sveits.

    Etter tre kamper ligger svenskene på en foreløpig sisteplass i gruppe B, med kun ett poeng.

    Sveits leder gruppa med ni poeng. Andreplassen innehar Kosovo med fire poeng.

    Gruppevinneren går direkte til VM, mens andreplassen kan kvalifisere seg gjennom omspill.

    Det gjenstår fortsatt tre kamper i kvalifiseringen. Om tre dager venter Kosovo på hjemmebane.

    Sverige kan også få muligheten til å nå omspill via sin gruppeseier på nivå C i Nasjonsligaen.

    Like før pause hadde Lucas Bergvall en kjempemulighet til å gi de blågule ledelsen mot Sveits, men 19-åringen bommet på ballen.

    Sveits' Granit Xhaka scoret på straffe etter 65 minutter. På overtid satte Johan Manzambi inn 2–0.

    Tidligere har de gule og blå spilt uavgjort mot Slovenia og tapt 0–2 mot Kosovo.

    Lucas Bergvall bommet på en eventyrlig mulighet da Sverige tapte 0-2 mot Sveits i VM-kvalifiseringen.

Sendeplan

Kl. Program Kanal