– No er det slitne bein. Dei er stokk stive. Magen slo seg vrang og eg hadde mageknip, seier Einar Hagemann til NRK etter 12 timar med sving.
Då hadde han sprunge 1300 gonger rundt – ein distanse på 76,7 kilometer.
– Eg er kjempenøgd, seier han.
Rundkøyringa, som ligg i Svelvik, er målt til 59 meter.
– Kvifor gjer du dette?
– Kvifor ikkje? Det er herleg å gjere noko anna enn det alle andre gjer. Og så gjer eg det fordi eg kan, svarar Einar Hagemann etter 45 minutt og litt over 100 rundar.
Mykje mental jobbing
Klokka ni torsdag morgon starta rundreisa. Med seg i rundkøyringa hadde han ei tralle med vatn, salttablettar, ein del mat, vatn og seks liter brus.
NÆRING: Måltida blir notne i aktivitet.
Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRKOg fluktstol.
– Denne er alltid viktig, sa Hagemann.
Stolen vart fyrst nytta etter 11 timar og 1241 rundar.
– Magen er vond nå, meldte Hagemann då.
Han fortalde om ei reise gjennom store deler av kjenslespekteret.
– Eg trur kanskje at eg kjem til å miste eit par negler. Men det gjer ikkje noko.
Sprø løp
Han veit godt kva han snakkar om. Tidlegare har han gjennomført tilsvarande runde-løp i Vikersundbakken, bob- og akebanen på Lillehammer og Hardangerbrua.
– Det går i bølgjedalar. Nokre gonger er ein her oppe, andre gonger er du heilt nede, seier Hagemann og gestikulerer løpande.
– Ofte blir ein tom etter seks timar, så orkar ein likevel seks timar til. Det er mykje mental jobbing, seier han.
Av andre utradisjonelle påfunn er «primtalsløpet». I desember 2020 sprang Therese Falk og Frank Løke 83 kilometer på vesle julaftan.
Totalt i desember sprang dei to opp mot 800 kilometer.
– At det skulle ta så av, det visste eg ikkje. Dei to heng rimeleg bra med. Det er heilt sjukt, sa Einar Hagemann til NRK den gong.
HJELP: Ei tralle med rasjon, brus, vatn, ekstra sko og anna nødvendig.
Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK1300 gonger rundt
– Eg likar å kalle det «idiotprosjekt», seier han og ler.
For å unngå belastning byta han retning omtrent kvar time. Rundeteljinga vart gjennomført med ein «klikkar». Av og til gira han ned frå jogg til gonge.
I 76,7 kilometer.
LENGE: Hagemann målte sjølv opp runden onsdag, og held seg ute i skogkanten for å få flest meter per runde.
Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK