Hopp til innhold

Skiforbundet snur: Vedtok millionstøtte til nytt VM i Trondheim

Eit halvt år etter skandalen i ski-VM i Trondheim har Skiforbundet bestemt å gi pengar til eit nytt meisterskap i Trondheim. Samtidig seier kommunen nei til å vere med på spleiselaget.

Tove Moe Dyrhaug

SKIPRESIDENT: Tove Moe Dyrhaug og skistyret har vedtatt millionstøtte til eit nytt VM i Trondheim.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Om vi skal få til dette må alle bidra. Og da meiner eg alle, seier arrangementssjef i det norske skiforbundet, Terje Lund.

Han snakkar om junior-VM på ski som etter planen skal arrangerast i Trondheim kommande vinter.

Opphavleg skulle ein bruke overskotet frå ski-VM 2025 til også å arrangere junior-VM. Men da VM i staden gjekk med underskot, er Skiforbundet nøydd til å finne nye økonomiske løysingar.

Men i jakta på løysingar har Skiforbundet likevel éi stor utfordring.

Tok kontakt med kommunen

I løpet av sommaren har det komme fram at ski-VM har gått over 30 millionar i minus. Dei fekk til slutt med kreditorane på å redusere dei økonomiske krava sine. Skiforbundet tapte millionar og vedtok å kutte 27 millionar kroner i løpet av tre år.

I tiltaksplanen for å kutte dei millionane, forsvann junior-VM ut. Meisterskapen kostar fleire millionar å arrangere. Eit alternativ var å flytte juniormeisterskapen til Lillehammer, noko som ville vore billigare.

Men så skjedde det noko. Representantar frå næringslivet i Trondheim tok kontakt med kommunen.

– Det kom ein førespurnad om at ein burde å prøve å få til junior-VM. Ein meinte det var fleire i næringslivet som var villige til å stille opp på delar av finansieringa for å få til det, forklarer finansbyråd i kommunen, Kjetil Reinskou, til NRK.

Dermed begynte ein igjen å ta opp tråden rundt junior-VM i Trondheim.

Til det har ein, fram til nå, mangla 5,2 millionar kroner.

– Det er ei veldig positiv haldning frå kommunen. Det er viktig for Trondheim å få til dette, seier arrangementssjefen i Skiforbundet.

ski-vm

FOLKEFEST: Ski-VM blei ein folkefest, men ein økonomisk nedtur.

Foto: AFP

Får blankt nei på økonomisk støtte

Førre veke bestemte derfor styret i Skiforbundet seg for å støtte meisterskapen med 1,25 millionar kroner. Framleis manglar ein rundt 4 millionar for å få finansieringa til å gå opp.

Status er at det blir jobba veldig hardt for å klare å gjennomføre, både frå forbundet, greinene, Trondheim og samarbeidspartnarar. Det er ein optimisme i Trøndelag òg, for å få arrangert og brukt anlegga, seier skipresident Tove Moe Dyrhaug og legg til:

Så jobbar ein saman med kommunen og andre partnarar for å finansiert resten. Det må sjølvsagt gjerast ein jobb rundt det, men det blir lagt ned mykje ressursar for å gjennomføre det. Det er viktig for juniorane òg, seier presidenten.

Men Skiforbundet får tommelen ned frå kommunen når det gjeld økonomiske bidrag.

– Er det aktuelt for dykk å gå inn med pengar, Reinskou?

– Nei. Nå er det ikkje eg som sit med den endelege avgjerda på det heller, det er eventuelt bystyret som vedtar om vi skal bruke pengar på det, men det er ikkje aktuelt for meg å foreslå det.

– Kvifor er det uaktuelt for deg å foreslå det?

– Det er uaktuelt fordi vi har brukt mykje pengar på VM på ski. Det var meininga at junior-VM skulle finansierast blant anna frå overskotet frå VM. Trondheim kommune har økonomisk sett gjort den innsatsen som vi skulle gjere.

Finansbyråd Kjetil Reinskou (H) i Trondheim kommune forklarer hva Ski-VM koster kommunen.

FINANSBYRÅD: Kjetil Reinskou (H).

Foto: Morten Waagø / NRK

– De skal ikkje bruke ei krone på dette, det er det som er tilnærminga dykkar til dette?

– Ja, og vi trur også budsjettet er såpass lågt at det er mogleg å få andre finansieringskjelder som gjer at ein får det til. Trondheim kommunes bidrag har vore å bygge eit anlegg i Granåsen. Det er eit stort bidrag her, anlegget står jo her, og da ønsker vi at det skal brukast.

– Eit veldig skrapa budsjett

I utgangspunktet er Skiforbundet forplikta til å arrangere meisterskapen. Det var nettopp Noreg som i si tid fremja eit forslag om at dei som får tildelt VM for seniorar også må ta på seg junior-VM året etter.

Dersom finansieringa av dei resterande fire millionane ikkje kjem på plass innan få veker, må Noreg seie frå seg meisterskapen.

Skiforbundet har fått ein frist til 25. september på å gi eit endeleg svar til FIS. Framleis er det fleire kostnader som er usikre.

Til eit junior-VM betaler alle laga sjølv for overnatting. Men FIS har eit krav om at overnatting (inkludert tre måltid) ikkje kan koste meir enn 100 sveitserfranc (svarer til rundt 1250 kroner) per døgn. Eit eventuelt mellomlegg på hotellprisane må skiforbundet betale.

Terje Lund

ARRANGEMENTSSJEF: Terje Lund i skiforbundet.

Foto: Frode Søreide / NRK

Det er eit veldig skrapa budsjett. Det viktige er eit godt sportsleg arrangement. Det er ikkje lagt opp til noko ekstra rundt med nokon store seremoniar eller noko på torget. Alt det er på ein måte tatt bort. Det er berre å gjennomføre gode sportslege renn i den. Så er det framleis ein del usikre postar i det budsjettet, seier Lund i skiforbundet.

– Kommunen seier dei ikkje skal bruke ei krone på dette, anna enn å gi ein god pris på leie av Granåsen. Kva tenker de om det?

Om dei gir oss gratis anlegg, så hadde jo det fungert. Men foreløpig har dei ikkje gjort det. Men dei rundane tar eg direkte med kommunen. Skal vi få til dette må vi alle bidra. Med understreking på alle, seier Lund og legg samtidig til:

Så sit nok han (Reinskou) med eit veldig stort kontaktnett i næringslivet. Vi skal jobbe med alle moglege andre. Om han ikkje kjem med ein halv million, men fiksar ein partnar som kjem med ein halv million, så speler jo ikkje den noko rolle for vår del.

Sportsnyheter

en person som har på seg hodetelefoner

Meiner det blir for mykje kjærastar og kjendisar: – Det går litt over styr

Kjendisane strøymer til Formel 1-arenaen for å sjå verdsstjernene i aksjon. Men for enkelte har det blitt litt mykje kjendis – og litt lite sport.

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

samling

Har blitt «ekspertar» på reising: Takkar Taylor Swift og strikketøyet

Denne gjengen reiser verda rundt nesten 250 dagar i året. For å vere i toppform når det gjeld har Ingrid Landmark Tandrevold og resten av gjengen fleire lure tips.

Siste nytt

  • Verstappen suveren i USAs Grand Prix – tok ytterligere innpå i VM-kampen

    Max Verstappen kom best ut fra start i USAs Grand Prix i Formel 1 og var senere aldri truet på vei mot sin tredje seier på de fire siste løpene.

    Lando Norris endte på 2.-plass, mens VM-leder Oscar Piastri ble nummer fem.

    Dermed ble det en perfekt helg for den firedobbelte verdensmesteren fra Nederland, som etter å ha vært fullstendig akterutseilt har tatt kraftig innpå McLaren-duoen på topp i VM-sammendraget. Håpet om hans femte strake VM-tittel stiger i Red Bull-stallen.

    Med sine 25 poeng poeng for seier tok Verstappen inn 15 nye poeng på Piastri. Gapet er nede i 40 poeng med fem VM-runder igjen.

    Lørdag krasjet Norris og Piastri i starten og måtte bryte sprintløpet, der Verstappen tok en klar seier og tok inn åtte poeng på begge VM-rivalene.

    Fra «pole position» fikk Verstappen en ypperlig start på søndagens løp, mens Norris i nest beste startposisjon ble passert av Ferrari-fører Charles Leclerc. (NTB)

    en racerbil på en bane
    Foto: Eric Gay / AP / NTB
  • Tungt tap for Strømsgodset: Tapte 3-0 mot Fredrikstad

    Med fire poeng opp til kvalifiseringsplass var Strømsgodset i poengjakt då dei møtte Fredrikstad i Eliteserien, søndag.

    Men med 0-3-tap heime, kan det bli tøft å sikre eliteseriekontrakt.

    Etter jamspelt kamp med sjansar begge vegar, tok FFK leiinga i det 67. minutt. Oskar Øhlenschlæger sette hovudet i ballen og styrte inn 1-0.

    Like etter banka Ulrik Fredriksen 2-0 i krysset. Henrik Skogvold auka til 3-0 kort tid seinare. Bryne spelte 2-2 mot Rosenborg laurdag, og med siger over FFK ville Godset berre vore to poeng bak med fem kampar att av sesongen. I staden er avstanden fem poeng. (NRK/NTB)

    en fotballspiller som stuper etter en ball
    Foto: Trond R. Teigen / NTB
  • Isak Frey toer i showrenn foran 18.000 tilskuere

    Isak Frey ble nummer to i et showrenn i skiskyting i München søndag foran 18.000 tilskuere. Eric Perrot fra Frankrike ble litt for sterk i finalen.

    Vebjørn Sørum og Sturla Holm Lægreid var øvrige nordmenn i mennenes finale. De ble henholdsvis nummer fire og sju.

    I kvinneklassen vant italienske Lisa Vittozzi foran svenskene Johanna Skotheim og Anna Magnusson.

    Karoline Knotten var eneste norske finalist og havnet på 6.-plass.

    (NTB)

    en mann med hjelm og hockeykølle
    Foto: Terje Pedersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal