- Følg bronsefinalen til Stig André Berge her!
Berge tapte mot same motstandar ifjor. I dag fekk han revansjen sin. Med 2-0-seiar er han klar for bronsefinale.
– Han har vore aktiv i denne kampen og kom svært godt i gang. Det er råsterkt. Det er vanvittig bra, seier NRKs kommentator, Patrick Sten Rowlands.
Bronsefinalen går 22:15 mot Aserbadjaneren Rovshan Bayramov.
Skuffa etter kvartfinale-tap
– Eg hadde eit håp om å gå heile vegen. Eg var i kanonform, men slik vart det ikkje. Nei, faen, seier Stig André Berge til NRK etter 0-4-tapet mot japanske Shiobu Ota.
Medaljehåpet Berge er tydeleg prega når han møter media etter nederlaget. Han har kloremerkar på brystet, blåveis på høgre auge og ein blodig sprekk i leppa.
Likevel - det er nederlaget som svir aller mest.
– F*** i dag var eg i bra form. Beklagar, seier Berge.
Det var kanskje den viktigaste kampen i karrieren hans. Berge møtte same mann VM for eit år sidan, men sjølv med tap kan 33-åringen har fortsatt sjanse til å komme til bronsefinale:
- Japanske Shinobu Ota vann semifinalen, og kjem seg til finale i 59-kilosklassen. Dermen kan Stig-André Berge vera med å kjempe om ein bronse.
Medaljehåpet er dermed ikkje heilt vekke for nordmannen.
Slik er vegen til bronsefinalen
På matta vart det tøft for Berge i kvartfinalen.
– Det vert skalling, kriging og brekking av fingrar. Det smell litt innimellom. Leppa sprekk og blåseveis er berre bra, forsikrar Berge.
– Er det vanleg og lov å knekka fingrar?
– Det er ein del av gamet. Man skal vera kynisk.
SKUFFA: Det enda med tap i kvartfinalen for Stig André Berge.
Foto: Junge, Heiko / NTB scanpixVann 2-0 i den første runden
Stig André Berge vann 2–0 i den første OL-runden i kamp mot sørkoreanske Jungbaik Lee. I åttedelsfinalen mot kviterussiske Soslan Daurov vann han 3-0, og er med det klar for kvartfinale.
Det er tredje gong brytaren deltek i OL. Både i Beijing i 2008 og London i 2012 rauk han ut i første runde, trass ambisjonar om medalje.
Han har også hatt førsterunde-spøkelset hengande over seg. Aldri før har han gått vidare frå den første runden i eit OL, og i dag var det altså hans tredje forsøk.
I dag hadde han kontroll og gjekk vidare.
VANN: Berge kunne strekke handa i vêret etter 3-0-siger mot Soslan Daurov.
Foto: JACK GUEZ / Afp