Juell leverte dagens klart mest spektakulære hopp i sitt siste forsøk på å sikre seg ein semifinaleplass i skicross-konkurransen.
– Han må ha flaksa opp mot 55 meter, meinte Audun Grønvold, bronsevinnar i denne øvinga i Vancouver-OL i 2010.
Men det var ikkje godt nok. Nordmannen hadde ingen sjanse til å stå på kjempehoppet.
– Heldigvis slapp eg sjukehus
– Eg hamna litt bak mot slutten. Då tenkte eg «enten så blir det sjukehus eller vidare i heatet». Eg måtte gi alt. Heldigvis slapp eg sjukehus. Eg prøvde så godt eg kunne, seier Bastian Juell til TV 2.
– Eg høyrde mykje om at eg hoppa langt. Eg håpar eg får bakkerekorden, smiler han.
Og dermed var den siste nordmannen ute av konkurransen.
Ingen sjanse til å stå
Didrik Bastian Juell opna godt, men kom etter kvart på etterskot og låg etter i sitt kvartfinaleheat. I siste hoppet tok han skikkeleg sats i eit siste forsøk på å sikre seg avansement.
Hoppet var dagens mest spektakulære og er nærmast for bakkerekord å rekne. Nordmannen landa helt nede på sletta, berre nokre få meter før målstreken. Men han hadde ikkje sjanse til å stå, og segla over mållinja som sistemann i heatet.
Dermed var siste nordmann ute. Christian Mithassel og Thomas Borge Lie vart slått ut i åttedelsfinalen. Begge kom dårleg ut i starten, og Mithassel missa dessutan på ein port.