Hopp til innhold

Ada Hegerberg: – Ein siger for kvinnefotballen i kveld

Paris (NRK): Men første kvinnelege Gullball-vinnaren i historia er førebudd på utfordringar etter suksessen.

Ada Hegerberg

GLAD: - Det kjennest mektig. Eg svevar på ei sky, sa Ada Hegerberg då NRK møtte henne etter utdelinga

Foto: Malin Jørnholt / NRK

– Det kjennest mektig. Det er vanskeleg å finne ord. Eg svevar på ei sky, sa Ada Hegerberg til NRK etter utdelinga av Gullballen måndag kveld.

– Det har vore ein fantastisk kveld og utruleg god reklame for kvinnefotballen, seier ho.

Hegerberg blei den første kvinna som fekk den elles så tradisjonsrike prisen. – Det er noko for seg sjølv å bli den første i historia.

Likestillingsdebatten i fotballen steig til nye høgder etter «twerke-episoden» under utdelinga. Ada Hegerberg sjølv seier at likestillingsarbeidet innan fotballen har mykje arbeid framfor seg.

Det fekk ho sjølv merke då DJ-en bad henne om å twerke – eller rumpedanse – på scena. Sjølv tenkte ho ikkje serleg over det der og då, men på sosiale media tok det heilt av.

PÅ TWERKE: Her blir Ada Hegerberg bedt om å twerke på scena under prisudelinga (Video med løyve frå TV 2)

– Fotballen har ein lang veg å gå

– I denne kåringa her har vi blitt like, men elles har vi ein lang veg å gå. Avstanden kjem alltid til å vere stor, men det handlar om å minske dei små skilnadene kvar dag. Fotball er den største idretten i verda for både jenter og gutar, seier ho.

Og legg til:

– Det er ikkje berre i fotballen det er spørsmål om likestilling. Det gjeld så mange andre omdråde i samfunnet også. Det handlar om å ha folk i høge posisjonar som tar eit val om å ønskje å støtte kvinna og å styrke kvinnenes posisjon. Det gjeld både i fotball og i samfunnet elles.

– Det har France Fotball gjort i kveld, og det har eg takka dei for. Det har vore ein siger for kvinnefotballen i kveld, seier den ferske gullball-vinnaren.

  • Sjå Hegerbergs tale på utdelinga

Veit det kjem utfordringar

23-åringen har vunne det som er verdt å vinne allereie. Blir ho aldri mett? Det svarer ho ikkje direkte nei på.

– Det er eit godt spørsmål som eg har tenkt ein heil del på. Eg har vore gjennom ein periode i haust der eg har tenkt mykje gjennom det som har skjedd og korleis planene vidare blir, seier Hegerberg.

Tankane i haust har kome som ein konsekvens av at ho hadde ein eventyrleg sesong i fjor. Det har gitt utfordringar framfor sesongen som no er i gang.

Ho innser at det kjem utfordringar, med sesongar der ho scorar mindre enn no.

– Å legge seg på 54 mål per sesong er enormt. Å ikkje få like mange mål framover er noko eg må takle, og vekse på. Det er der eg er i dag – å jobbe med detaljar og bli betre kvar dag. Eg veit det kjem til å losne så lenge eg jobbar hardt.

– Eg har greidd å halde fram med å score mål. Og eg har klart å jobbe litt ekstra når det kanskje har vore litt vanskelegare, seier ho, og takkar varmt apparatet ho har rundt seg i Lyon.

Hegerberg, Modric, Mbappé

LIKESTILLING: Ada Hegerberg og Luka Modric fekk begge gullballen. Kylian Mbappé blei den beste unge spelaren

Foto: FRANCK FIFE / AFP

Siste nytt

  • Cofidis knappet innpå Uno-X i kampen om verdenstour-lisens

    Før sesongen avsluttes i dag var Uno-X 401 poeng foran Cofidis i kampen om 19.-plassen på verdensrankingen.

    Nå ser dagen ut til å kunne bli mer spennende enn ventet:

    For i Japan Cup syklet Ion Izagirre inn til en tredjeplass og sikret seg 125 poeng. To lagkamerater gjorde at den totale poengsummen ble 180 poeng.

    Under den siste etappen av Tour de Guanxi ble spurteren Stanisław Aniołkowski nummer to. Det betyr 25 nye poeng til det franske laget. I tillegg fikk Sylvain Moniquet 20 poeng for 19.-plassen sammenlagt.

    Avstanden er dermed nede i 176 poeng i favør Uno-X.

    Det norske laget deltar senere søndag i temporittet Chronos Des Nations i Frankrike og Veneto Classic i Italia – der også Cofidis er med. Svaret får vi etter klokka 17 i dag.

    På grunn av sammenslåingen av Intermarché og Lotto, vil 19.-plassen på årets ranking holde til World Tour-lisens for de kommende tre årene.

    en person som sykler
    Foto: Benoit Tessier / Reuters / NTB
  • Verstappen vant kvalifiseringen i Austin – starter først i USAs Grand Prix

    Max Verstappen fulgte opp lørdagens sprintseier i Austin ved å vinne kvalifiseringen til søndagens hovedløp i USAs Grand Prix.

    Den firedobbelte verdensmesteren har fått blod på tann i jakten på McLaren-duoen som har dominert Formel 1-sesongen, og sesonginnspurten tegner til å bli langt mer spennende enn det så ut for bare noen uker siden.

    Før søndagens løp skiller det bare 55 poeng opp til VM-leder Piastri og 33 til Lando Norris på annenplass.

    Tekst
    Foto: MARK THOMPSON / AFP / NTB
  • Nytt Messi-hat trick – ble toppscorer i MLS

    Lionel Messi scoret tre mål i sesongens siste ordinære seriekamp for Inter Miami - en 5-2-seier mot Nashville SC. Dermed vant han gullstøvelen som toppscorer i MLS.

    Argentineren scoret det første og nest siste målet da Inter Miami slo Nashville SC på bortebane i Tennessee. Han scoret også en straffe drøyt halvveis ut i andre omgang.

    I løpet av seriespillets 34 kamper har Messi scoret hele 29 mål og gitt 16 målgivende pasninger.

    En person som løper på et jorde
    Foto: JOHNNIE IZQUIERDO / AFP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal