Han har statistikkar som omfattar over 8000 dopingtilfelle. Dei viser at 27 utøvarar har testa positivt på clostebol. Dei er utestengde frå 15 månader til fire år.
– Derfor er det lett å trekke den konklusjon at ho risikerer utestenging i minst eitt år. Men ser vi på andre saker som kan vere like, blir biletet eit anna, seier Husø til NRK.
– Om eg skulle gjette, ville eg sagt tre månaders utestenging, er Husøs tips.
Liknar på Alan Baxter
Han tenkjer på tilfellet Alan Baxter. Baxter var britisk alpinist som testa positivt på metamfetamin under OL i Salt lake City i 2002.
– Han brukte ein medisin der det ikkje var metamfetamin i den varianten han kjøpte heime. Men same medisinen i USA inneheldt stoffet. Han blei utestengd i tre månader, seier Husø.
– Desse sakene har mange fellestrekk: Baxters lege går på apoteket og kjøper medisinen der, utan å vere merksam på skilnaden, seier Husø.
Kremen Johaug brukte, er rett nok ikkje å få i Norge, og slik sett er ikkje hennar sak heilt lik Baxters.
– Men hadde ho hatt ein TUE, hadde det ikkje vore noko problem i det heile tatt, seier han.
TUE er eit slags sertifikat som gir utøvarar lov til å bruke stoff som i utgangspunktet er forbodne, dersom dei treng det av medisinske grunnar.
I 2013 testa den italienske syklisten Stefano Agostini positivt på clostebol. Han hadde også fått det i seg gjennom kremen Trofodermin, og vart utestengd i 15 månader.
Domsutvalet avgjer reaksjonen
Det er Antidoping Norge som må ta første steg i retning av eventuell straff. Deira tilråding skal sendast til domsutvalet, som skal ta endeleg avgjerd.
I dag vil dei ikkje seie noko nærmare om dette temaet. – Vi treng tid til å sjå på alle sider av saka, sa Britha Røkenes i Antidoping Norge.
– Sanksjon er eit vanskeleg spørsmål, for det kan vere alt frå bortlegging til fire års utstenging, sa Brita Røknes i Antidoping Norge.
Rasmus Damsgaard, antidopoingekspert i det internasjonale skiforbundet, tek endå hardare i.
– Clostebol er et steroid, og når ein finn det i urinen, kan det truleg gi fire års utestenging, seier Damsgaard til SVT.
Ingen har sleppt unna straff
Regelverket opna også for å straffe med berre ei åtvaring. Det betyr at namn og stoff blir gjort offentleg, men utan straff med utestenging.
Men ingen av dei som tidlegare er tekne for bruk av clostebol, er straffa på denne måten. Alle har fått utsestenging i større eller indre grad.
– Men det kan sjølvsagt skje, seier Husø.
Som er litt overraska over at legen seier at han ikkje har kunne finne dette legemiddelet og funne ut at det inneheld ulovlege stoff. Han viser til nettsida globadro.com er driven av antidoping-komiteane i Canada, Storbritannia, USA, Japan og Australia.
– Der fann eg nokså kjapt at denne kremen inneheldt clostebol, som er på dopinglista. Der står det også at utøvarar som har ein diagnose der dei treng denne medisinen, kan få TUE, seier Husø.
– Med TUE kunne ho lovleg ha brukt denne kremen, seier han.