NRK Meny
Normal

– Kan bli Noreg sin nye storkeeper

Cupfinalehelten Ørjan Håskjold Nyland debuterer for Molde i Spania onsdag. Manager Ole Gunnar Solskjær trur 22-åringen har alle moglegheiter for å bli blant dei beste.

Ørjan Håskjold Nyland var svært delaktig då Hødd blei cupmeister i 2012. Etter finalen gjekk han til seriemeister Molde, og onsdag får han debuten sin i Molde-drakta.

Klar for Molde-debut – cupfinalehelten Ørjan Håskold Nyland.

SAN PEDRO DEL PINATAR (NRK.no): Han avgjorde cupfinalen for Hødd mot storfavoritten Tromsø med ei rekkje strålande redningar.

Så blei han henta til den doble seriemeisteren Molde av Ole Gunnar Solskjær – inga overrasking for dei som har følgt Hødd og Molde.

Onsdag – etter nokre veker med trening saman med nye lagkameratar – er Nyland klar for å debutere i Molde-målet.

Nyland

Ørjan Håskjold Nyland stod som ein gud då Hødd slo Tromsø i cupfinalen 2012.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Lærerike og artige

Espen Bugge Pettersen stod den første kampen for Molde i Copa del Sol, Ole Söderberg den andre.

Mot Shanghai East Asia onsdag formiddag, på Pinetar Arena, er det klart for Ørjan Håskjold Nyland.

– Dei første vekene har vore både lærerike og artige. Eg har fått jobba hardt og godt, vi er på gras under gode forhold – så det har vore kjempebra, seier 22-åringen til NRK.

Noreg sin neste storkeeper?

Manager Solskjær har fått eit svært godt inntrykk av klubben si ferske keepersignering frå Hødd og Volda.

– Han har kome inn som den guten vi trudde han var.

Ole Gunnar Solskjær

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær har stor tru på det unge keepertalentet frå Volda.

Foto: Marita Bolle Andersen / NRK

– Ein gut som er veldig ambisiøs, veldig ærgjerrig, treningsvillig, ein som gler seg til å spele og han synest han høyrer heime i ein storklubb, fortel Solskjær.

Molde-sjefen trur klubben har sikra seg, det som på sikt kan bli, Noreg sin nye storkeeper.

– Det har han alle moglegheiter til å bli, slår Solskjær fast, før han greier ut:

– Sjølvsagt er det mykje opp til han sjølv. Så langt ser det ut til at han har det som skal til både mentalt og fysisk. Så får Ørjan veldig, veldig god oppfølging frå Richard (journ. anm. Hartis, keepertrenar) på det tekniske.

Fram mot seriestart har dermed den doble seriemeisteren tre svært gode keeperar å velje mellom.

Ørjan Håskjold Nyland

Ørjan Håskjold Nyland kjempar hardt om keeperplassen i Molde. Espen Bugge Pettersen og Ole Söderberg er ikkje akkurat enkle konkurrentar.

Foto: Marita Bolle Andersen / NRK

Går for gull

Sjølv tenkjer ikkje Nyland så mykje på kven som står i mål om ein halvannan månad – når serien blir sparka i gang.

– Nei, det tenkjer eg ikkje på no. No tenkjer eg berre på å trene hardt, vise meg fram på trening og så er det manageren som avgjer kven som står i mål.

Cupgullet gløymer han aldri, men finalen mot Tromsø er eit tilbakelagt kapittel.

– Det var ei fin oppleving, men det gjeld å ha fokus på noko nytt.

– Eg håper å få oppleve noko liknande igjen med Molde. Og vi får gå for seriegull her, avsluttar ein smilande Nyland.

Sjå intervju og éi av Nyland sine cupfinaleredningar i videoane under:

Hødds keeper Ørjan Håskjold Nyland ble kåret til banens beste. Med flere gode redninger både i ordinært spill og i straffesparkkonkurransen er valget forståelig.
Hødds keeper Ørjan Håskjold Nyland sto en strålende cupfinale og hadde flere viktige redninger mot Tromsø.

Siste nytt

  • Hegazi til WBA på permanent basis

    Midtstopperen Ahmed Hegazi har imponert såpass mye i WBA-trøya at klubben har valgt å gjøre om låneavtalen med Al Ahly til en permanent overgang, skriver NTB. Hegazi har spilt samtlige 18 kamper for WBA denne sesongen.

    Hegazi
    Foto: DARREN STAPLES / Reuters
  • Tre strake for Kokslien

    Mikko Kokslien vant tre renn på rad i Colorado i USA i helgens kontinentalcup i kombinert.

    Tre seirer på rad gjør at han også leder kontinentalcupen suverent sammenlagt, melder NTB.

    Holmenkollen skifestival. 10 km. kombinert
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Barcelona har luke

    Barcelona cruiset inn til 4-0-seier hjemme mot Deportivo La Coruña søndag. Luis Suárez og Paulinho ble begge tomålsscorere for den spanske La Liga-lederen. De leder med seks poeng på Atletico Madrid.

    Luis Suárez
    Foto: Stanley Chou / Getty Images

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm, menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn