NRK-journalist legg seg flat etter å ha skada Carlsen: – Det var eit uhell

LONDON/OSLO (NRK): Magnus Carlsen kolliderte med NRKs journalist på fotballtrening, og fekk eit kutt i augeregionen.

Vi tror kanskje vi har funnet gjerningsmannen etter Carlsen-smellen...

NRK-ekspert Atle Grønn trur ikkje smellen treng ha så veldig mykje å seie før det niande VM-partiet onsdag, men er redd for ein ting:

– Dersom han må bruke smertestillande, kan det bli eit potensielt problem. Då kjenner ein seg veldig pigg nokre få timar. Men ein VM-kamp kan vare i 6–7 timar, seier Grønn til NRK.

Atle Grønn har sjølv spela med smertestillande middel, og veit korleis det verkar.

– Då kan du vere høgt oppe, og rase brått ned. Å vere ukonsentrert i ein liten augneblink kan vere heilt fatalt. Då er det krise, og det er ingenting du kan gjere med det.

– Men dei fleste sjakkspelarar har ein eller annan gong spela med smertestillande middel, seier Grønn.

View this post on Instagram

The match is heating up

A post shared by Magnus Carlsen (@magnus_carlsen) on

Fridag med blåveis

Den norske verdsmeisteren hadde fri tysdag, og brukte fridagen på å spele fotball. Carlsen krasja med ein av dei andre spelarane, fekk seg ein smell i hovudet og ein solid blåveis.

Det såg litt stygt ut, med eit lite kutt i augeregionen.

– Har han det bra?

– Ja. Han syntest til og med det var litt artig at han fekk ein smell på trening. Det var inga hjerneristing, slik vi kunne frykte. Kuttet er ikkje så stort at det må gjerast noko med, seier lege Brede Kvisvik.

Carlsen plaster

Slik ser Magnus Carlsen ut når han spiller sitt niende parti i VM.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Magnus Carlsen valde å spele vidare etter kollisjonen, ei avgjerd legen var samd i.

– Det såg litt verre ut enn det var. Han var litt «tommelomsk» like etterpå, men kjende seg likevel fin.

Carlsen kolliderte med NRK-journalist Emil Gukild. Han fekk eit kutt over høgre auge, og måtte lappast saman av Kvisvik for å stoppe blødinga. Gukild stiller med plaster over auget i TV-sendinga onsdag.

Emild Gukild kutt

KUTT: NRKs Emil Gukild fekk eit kutt over auget.

Foto: PRIVAT

– Det var eit uhell der han såg opp og eg såg ned. Eg blei veldig letta da eg skjønte at han hadde det bra, seier Gukild.

– Hjernen fungerer like fint

Legen trur ikkje Carlsen blir hemma av smellen i VM-partiet onsdag, men:

– Dersom han får problem med å sjå, kan det bli vanskeleg. Men då skal hevinga rundt auget bli veldig stor. Vi har lagt litt is på. Då trur eg ikkje det skal ha noko å seie, for hjernen hans fungerer like fint.

Siste nytt

  • Dumoulin hoppar av Vueltaen

    Tom Dumoulin var blant dei store favorittane i Vuelta a Espana. No kastar nederlendaren inn handkleet, står av rittet og avsluttar sykkelsesongen.

    Det stadfestar laget til nederlendaren, Jumbo-Visma, onsdag.

    Sju etappar er sykla i det som er årets siste store etapperitt. For Dumoulin har Vueltaen vorte eit gedigent vonbrot. 53.-plass, nesten 43 minutt bak samanlagt-leiar Richard Carapaz, var fasiten etter etappen på tysdag.

    Tom Dumoulin
    Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFP
  • Utsetter EM-kvalifiseringskamp

    Som følge av virussituasjonen kommer ikke Latvia til Norge for å møte Sander Sagosen i den første kampen i EM-kvalifiseringen 4. november.

    Det europeiske håndballforbundet (EHF) har besluttet å utsette kampen på ubestemt tid, opplyser Norges Håndballforbund.

    Åpningskampen i EM-kvalifiseringen mot Latvia skulle vært spilt i Nadderud Arena onsdag 4. november.

    Sagosen
    Foto: Vidar Ruud / NTB
  • Barcelona sa ja til superliga

    Barcelonas president Josep Maria Bartomeu sa måndag ja til tilbodet om å spele i ein ny superliga. Det opplyste klubbpresidenten i går, sasmtundes som han trekte seg frå jobben.

    I førre veke blei det kjent at det er planer om ein ny europeisk superliga med 18 klubbar frå dei største fotballnasjonane. Det er dei amerikanske eigarane av Liverpool og Manchester United som skal vere dei største pådrivarane, og FIFA skal også vere positiv.

    Ryktet om slike planer har dukka opp med ujamne mellomrom i mange år. Men Barcelonas offisielle ja blir betrakta som ei bombe, ifølgje danske Ekstrabladet.

    Superligaen kan kome til å starte allereie i 2022. Kampane skal gå parallelt med dei heimlege ligaene, men vil vere eit stort trugsmål mot meisterliga og europaliga, ifølgje opplysningar i Sky Sports.

    Bartomeu opplyste også at Barcelona støttar FIFAs forslag om utvida klubb-VM med 24 lag kvart fjerde år.

Sendeplan

Kl. Program Kanal