Kommentatorduoen meiner at v-stilen ikkje er like flott som den gamle hoppstilen. På bilete ser du Jan Bokløv i aksjon.
Foto: Ingvar Karmhed/SCANPIX Sverige / SCANPIX
Øystein Bache dreg fram Tom Hilde som sin favoritt før hopprennet.
– Men dei hoppar gysla langt med denne stilen då, kommenterer Gokstad.
Still spørsmål
Under konkurransen kan du sjå og stille spørsmål til Bache og Gokstad på Sport 1 i nett-tv direkte frå klokka 17.00.
Du kan også komme med kommentarar og spørsmål på Twitter og Instagram ved å bruke hashtagen #nrkaltvm.
Duoen kan ikkje skryte på seg ei aktiv idrettskarriere. Men dei har fått med seg mykje vinteridrett på tv i sofakroken.
Kan lite om hopp
– Eg har aldri drive konkurranseidrett. Aldri, seier Bache.
– Vi gler oss til å kommentere. Men vi har nok eit større hjarte for langrenn enn hopp. Telemarknedslaget er jo nesten borte også, seier Gokstad.
Samstundes føresler dei ei ny konkurranseform innan hoppsporten, for å få tilbake den gamle stilen.
– Eg forstår jo at dei ikkje kan byte ski midt i svevet, men kanskje dei kan bruke den gamle stilen først, og så byte om til v-stil undervegs. Det hadde vore interessant, seier Bache.
Av norske medaljefavorittar snakkar dei naturleg nok om Anders Bardal som tok gull i normalbakke.
Men Øystein Bache dreg til slutt fram Tom Hilde som sin norske medaljefavoritt - fordi han har møtt han.
Bache og Gokstad vil ha den gamle hoppstilen tilbake. Her ser du Bjørn Wirkola i aksjon.
Foto: Scanpix / NTB scanpix– Kan bli gutteprat
– Det er berre fordi du trudde han var ei dame, seier Gokstad.
– Eg heiar på dei som ikkje er favorittar. Dei som kjem til bakken som underdog, seier Øystein.
No ser dei fram til kommentatordebuten. Der vurderer dei å ta med ein termos med pølser, dersom dei skulle bli svoltne undervegs.
– Det skal bli deilig å sitje heilt roleg. Så er jo gutar gutar, det betyr at det kan bli litt gutteprat undervegs, ler dei.