Under europamesterskapet på Bislett i 1951 fekk eit hav av tilskodarar sjå Hjalmar «Hjallis» Andersen gå 10.000 meter.
Dei fekk sjå han tryne og øydelegge den eine skøyta, og dei fekk sjå han gå om att og vinne heile langdistanseløpet.
I dag er det 60 år sidan.
– Er det det? seier Hjallis til NRK.
Han har ikkje den nøyaktige jubileumsdatoen i hovudet når NRK ringer.
Blitzen som blenda
Eitt av Bislett-historias aller mest dramatiske augeblink skjedde då Dagbladets fotograf Johan Brun løyste ut blitzen 7000 meter ut i løpet. Den skal ha blenda «Hjallis» i eitt ørlite sekund.
Sjå Hjallis og Brun møtast på Bislett:
I seinare tid har det vore spekulert i om Hjallis verkeleg blei blenda av akkurat den blitzen.
At Hjallis blei blenda er det ingen tvil om, ifølgje han sjølv.
– Plasseringen av blitzen kan eg ikkje hugse. Men idet eg kom mot han vart det mørkt, seier «Hjallis» som skildrar lyset så skarpt at «dag blei til natt».
Biletbeviset
«Eg er klar når majesteten er klar,» sa Hjalmar Andersen då Kongen spurde «når det kunne passe hr. Andersen å starte sitt omløp».
For 60 år sidan i dag gjekk han altså løpet på ny, med to ulike skøyter, etter å ha fått godkjenning basert på studier av bildet til Johan Brun.
Og vann, sjølvsagt.