Full superliga-siger i spansk rett
Ein spansk rett har slått fast at UEFA , FIFA og La Liga ikkje har lov til å sanksjonere mot den kontroversielle superligaen, melder den spanske avisa El Pais.
Det betyr at dei inntil vidare ikkje får lov å straffe klubbar og spelarar som er tilknytta superligaen, i alle fall etter spansk lov.
UEFA har trua med å sparke ut dei 12 klubbane av meisterligaen så raskt som mogeleg. Fredag skal UEFA ha ekstraordinært styremøte, og den danske fotballpresidenten Jesper Møller, som også sit i UEFAs eksekutivkomité, sa i går at han reknar med at Real Mdrid, Manchester City og Chelsea blir kasta ut av semifinalene i årets meisterliga.
Men retten vil også forby UEFA, FIFA og La Liga å "førebu, oppfordre til, eller adoptere disiplinære tiltak mot klubbar, spelarar eller andre som er involvert i den planlagde private ligaen".
Men det er ikkje lov, seier retten i Madrid. Heller ikkje kan La Liga kaste dei ut av den spanskje ligaen. Tre spanske klubbar er med i superligaen.