Familien Adampour

Diana, sonen Noah, Lina, Sophia og Afsaneh Adampour er ofte saman.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

Korleis gi avkall på mat og drikke?

Vi er halvvegs i månaden Ramadan der muslimar over heile verda fastar frå soloppgang til solnedgang. Familien Adampour fortel om utfordringar og gleder ved ramadan.

– Den største misoppfatninga er at ein fastar berre med munnen, seier Diana Adampour med sonen sin Noah i armane.

Mens dei fleste av oss kosar oss med lammelår og påskegodt, er det mange som avstår frå å eta og drikke.

Tilfeldigheitene vil ha det til at den kristne påska i år fell saman med den jødiske påskehøgtida Pesach og ramadan.

Ramadan er den islamske fastemånaden og inneber at ein ikkje skal drikke eller eta mellom soloppgang og solnedgang. Men det handlar om mykje meir enn det.

– Det handlar om å reinse både kropp og sinn, fortel Diana Adampour.

Diana Adampour og sonen Noah

Storesyster Lina i raudt legg til:

– Fokuset er på indre reinsing. Å bli eit betre menneske. Alltid yte gjensidig respekt uansett kven du møter på din veg.

Sophia og Lina Adampour

Mange av verdiane har dei lært av mammaen sin Afsaneh. Ho og ektemannen kom som flyktningar til Noreg på midten av 80-talet.

Diana og mora Afsaneh Adampour

– Ramadan handlar om tilgjeving og sjølvdisiplin, understrekar Afsaneh.

Afsaneh Adampour

Fellesskap og solidaritet

Under fasta er verken røyking eller seksuell aktivitet tillate. Lystene må kontrollerast. Fellesskap, solidaritet, tolmod og det å beherske seg sjølv er verdiar som er minst like viktige å reflektere over som det å avstå frå mat og drikke.

Ifølgje Store norske leksikon blir fasta overheldt av mange, men det er store regionale forskjellar. Det er også store individuelle forskjellar på korleis ein praktiserer ramadan.

Alle i familien Adampour – som består av mamma, pappa, fire døtrer og to søner – fastar. Men det finst enkelte fritak.

Mamma Afsaneh Adampour (61) og tre av døtrene hennar Lina (36), Diana (28) og Sophia (24) deler sine erfaringar.

– Hald deg unna salt

NAMN: Lina Adampour

ALDER: 36 år

YRKE: Fembarnsmor, bedriftsleiar og bloggar

Lina Adampour

Da det berre var meg sjølv å tenke på kunne eg faste kvar dag, seier fembarnsmora Lina Adampour.

– Men med åra og det ansvaret eg har fått for mine fem barn som er fyrsteprioritet uavhengig av ramadan så krev det meir av meg på ein annan måte, fortset ho.

I tillegg til å vere fembarnsmor er Lina bedriftsleiar og bloggar, og styrer den populære kiosken Brekkehagen.

Eg fastar heile ramadan. Det er berre dei dagane der eg kjenner at eg har litt mindre å gå på at eg utset fasta med ein dag. Og for kvar dag ein ikkje fastar må ein gje pengar til velgjerdsarbeid. Fasta blir tatt igjen når ein er sterk og klar nok.

Familien Adampour S01E02 Stemningsbilde NRK TV

Lina Adampour i Brekkehagen kiosk saman med syster Diana.

Eg er pålagt til å følgje både hjartet og hjernen – du skal vere nådig, men også bruke sunn fornuft, fortel Lina.

Ho har nokre gode tips på lur som ho gjerne deler:

– Drikk mykje vatn når du kan. Få i deg næringsrik mat, og unngå lettprodukt. Held deg unna sterk krydra mat, og i alle fall salt!

– Ta deg ein siesta i løpet av dagen. Det gjer underverk.

Kan ikkje lytte til gangster-rap

NAMN: Sophia Adampour

ALDER: 24 år

YRKE: Entreprenør – Ho har opna Skandinavias fyrste fysiske galleri for kryptokunst.

Sophia Adampour

Sophia fastar i utgangspunktet kvar dag, men tar også omsyn til eigen kropp og helse når ho fastar. Slik ein også skal gjere, ifølgje koranen.

Kvinner som har menstruasjon, er gravide, nettopp har født, eller som ammar, er fritatt frå faste. Det same gjeld for sjuke, gamle eller folk på reise.

– Når eg har hatt mensen har eg ikkje fasta. I tillegg har eg ein lågare BMI enn eg ønsker, og då er det skumlare å faste dei lange dagane på sommartid.

– Og det er det forståing for, understrekar Sophia.

Når ho fastar er ho ikkje i tvil om kva som er mest utfordrande.

– Dei siste minutta er dei tyngste. Då blir eg veldig utolmodig.

Sophia Adampour

– Eg likar å høyre på gangster-rap, men på grunn av at det inneheld vulgær og nedsetjande snakk – spesielt om kvinner – må eg halde meg unna det under ramadan. Det kan også vere vanskeleg til tider, seier ho og ler.

Hennar beste tips til deg som fastar er:

– Bland eplejuice og Farris, så får du i deg både sukker, vitamin og mineral.

Oppe klokka to på natta

NAMN: Afsaneh Adampour

ALDER: 61 år

YRKE: Husmor og butikkeigar

Afsaneh Adampour

– Det er ikkje berre helsa til kvinner, men også helsa til dei eldre som skal bli varetatt under ramadan, seier Afsaneh.

61-åringen har fasta kvar dag i alle år, men nå som ho har vorte eldre passar ho derfor ekstra godt på si eiga helse.

Afsaneh er den som er mest dedikert i familien. Kvar morgon klokka fem utfører ho morgonbøn. Under ramadan kan ho vere oppe så tidleg som klokka to på natta for å førebu mat til suhur, altså måltidet før soloppgang.

– Det er ei glede å lage mat til andre. Til vanleg bestemmer vi sjølv kor mange måltid vi vil eta. Under ramadan et vi to måltid, for då er vi er Guds gjestar.

Afsaneh, Diana og Noah Adampour

For ho er det viktig med måtehald, også når familien samlar seg til iftar, altså kveldsmåltidet.

Afsaneh Adampour

– Eg blir veldig skuffa når eg ser store bord med luksusrettar på. Ramadan handlar ikkje om å vise rikdomen sin, fortel 61-åringen.

Afsaneh Adampour

For ho er kjernen i ramadan å vise solidaritet med andre menneske som ikkje har det like bra som oss i Noreg. Afsaneh har enorm gjevarglede og deler gjerne mat med andre fordi ho vil at andre skal ha det bra.

Barn og barnebarn må lære at fattige barn ikkje har mat.

Handlar ikkje om å fremje rikdom

NAMN: Dina Adampour

ALDER: 28 år

YRKE: Eig og driv Birkelund Camping, midt i smørauget i Hallingdal.

Diana Adampour

– Til vanleg fastar eg kvar dag. Men i år ammar eg, og da har min religion fritatt meg frå den plikta. I islam er kvinner si helse viktig.

I staden for å faste betalar Diana Zakat, som er den religiøse avgifta i islam. Det er altså pengar som går til dei fattige.

Som mamma Afsaneh er det viktig for Diana å understreke at ramadan ikkje handlar om å flotte seg med store måltid når familien samlast til kveldsmåltidet.

– Da fell heile grunnen til at vi gjer dette bort.

Diana og Afsaneh Adampour

Vi skal setje oss i situasjonar som fattige menneske er i. Ved å ha dei store matborda så fremjar ein det motsette. Ein fremjar rikdom og status.

Hennar tips til seg sjølv og andre som fastar er å gjere om tankesettet.

– Tenk heller på kor heldig eg er. I staden for å tenke kor vanskeleg eg har det tenker eg heller på korleis andre har det.

Diana Adampour og Noah

Familien er svært klar over utfordringane, men også gledene ved fastemånaden.

– Det mest gjevande er fellesskapet ein opplever. At ein tar eit avbrekk frå A4-kvardagen og reflekterer over sin eigen eksistens, understrekar veslesyster Sophia.

Det mest gjevande er at alle samlast. Eg får mykje energi frå ramadan, og eg gler meg til fasta kvart år, avsluttar mamma Afsaneh.

Du kan sjå meir av Familien Adampour i NRK TV.