Hopp til innhold

Kommune vil nekte tilsette røyk og snus

Birkenes kommune vil bli ein tobakksfri kommune og vil nekte tilsette å røyke og snuse.

Snus og røyk

Birkenes kommune vil nekte tilsette å røyke og snuse.

Foto: NTB Scanpix

Ifølgje Lillesands-posten døyr fleire i snitt av lungekreft og kols i Birkenes enn elles i landet.

– Ved å gjere Birkenes kommune til ein røykfri arbeidsplass, vil vi unngå passiv røyking, oppnå ei ein stor helsemessig gevinst for brukarar av kommunen sine tenester, seier kommuneoverlege Thor-Erling Engemyr til avisa.

Vil tilby kurs

Kommunen vil mellom anna tilby tilsette som røyker eller snusar om å delta på kurs for å slutte.

– Dette vil vere eit ressurskrevjande prosjekt. Det er mogleg vi må gi tilsette fri frå jobb til å delta på røykesluttkurs, seier fysioterapeut Maylinn Moberg Peersen til avisa.

No skal dei tilsette gjennom ei spørjeundersøking som vil slå fast kor omfattande bruken av røyk og snus er.

Rasar mot forslaget

Men forslaget vekkjer reaksjonar. Frp-politikar Odd Gunnar Tveit rasar mot forbodet mot røyk og snus.

– Jakta på røykarane har fått for langt. Det er utruleg kor mykje dei som røyker vert hersa med. Eg byrjar å bli lei av alle desse forboda. Ein kan ikkje forby alt ein ikkje likar. Folk må få lov til å bestemme litt over sine eigne liv, så lenge det ikkje påverkar andre for mykje, seier han til Lillesands-posten.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %