– Dette blir eit flaggskip-prosjekt, seier Jens Naas-Bibow, ansvarleg for strategi og juss i Bifrost Edge.
Selskapet skal bygge eit stort datasenter i Longum Nord aust i Arendal, ikkje langt frå batterifabrikken Morrow.
Ifølge utbyggaren kan fabrikken gi mange hundre arbeidsplassar til landsdelen.
– Vi snakkar om fleire hundre arbeidsplassar, basert på erfaringane våre, seier Naas-Bibow.
Har kjøpt stor tomt
Selskapet har kjøpt ei tomt på omtrent 820 mål, tilsvarande rundt 100 fotballbanar.
Det er Otra Holding AS som selger tomten.
Datasenteret er planlagt ved sidan av tomta som var berekna til eit renovasjonsanlegg.
– Vi skal bygge eit heilt moderne datasenter, som er tilpassa behovet til dei aller største datasenterkundane, seier Naas-Bibow.
Delte reaksjonar
Planane blei presenterte for formannskapet i Arendal onsdag, og fekk delte reaksjonar.
– Det er veldig spennande. Den næringslivsstrategien vi har hatt, begynner no å gi frukter, seier Aps gruppeleiar Nina Jentoft.
Nina Jentoft (Ap).
Foto: Pål Tegnander / NRKHaagen Poppe i Høgre fryktar at det ikkje blir nok straum til dei andre næringane som skal etablerast i same område.
– Det skal fyllast opp fleire tusen mål med areal med nye bedrifter. Viss ein så stor del blir teke opp av eit datasenter, så er eg redd for at ein ikkje har nok straum til alle andre i området, seier han.
Vil stanse datasenter
SVs varaordførar Inger Brokka de Ruiter er også skeptisk.
– SV har nasjonalt gått inn for å stoppe etablering av datalagringssenter, så vi må sjå korleis vi skal forhalde oss til dette, seier ho.
Inger Brokka de Ruiter (SV)
Foto: Svein Sundsdal / NRKNæringssjefen i Arendal er oppteken av at dette vil utløyse ei ny kraftlinje.
– Etablering av datasenter er jo i tråd med regjeringa sin eigen strategi, og Noreg treng lagringskapasitet. For oss er det viktigaste at dette utløyser bygging av ny kraftlinje frå Bøylefoss, seier han.