Varslar nytt fakkeltog for sjukehus

Stiftelsen Sørlandet sykehus Arendal i våre hjerter er bekymra for barneavdelinga ved sjukehuset. No kan det bli nytt fakkeltog i sentrum.

Fakkeltog i Arendal

Over 10 000 møtte opp til fakkeltog for sjukehuset i Arendal i 2010. No kan det bli nytt tog for barneavdelinga på sjukehuset.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Bakgrunnen for bekymringa er at sjukehusdirektør Jan Roger Olsen vil overføre fleire akuttilfelle frå barneavdelinga i Arendal til Kristiansand på kveld og natt.

– Eg ser ikkje vekk ifrå at det er såpass mykje krut att i Arendal at vi stiller på eit nytt fakkeltog, seier leiar i stiftelsen Sigurd Ledaal til NRK.

– Vi føler dette er noko som angår kvardagen og problema til dei sjuke barna, seier han.

Sender bekymringsbrev

Torsdag vart det bestemt at formannskapet i Arendal skal sende eit bekymringsbrev til sjukehusstyret.

Forslaget til sjukehusdirektøren vekte stor debatt i formannskapet i kommunen torsdag. Arendalsordførar Einar Halvorsen (H) reagerte sterkt.

– Bekymringa går på at ein i dag har ei vaktordning der du er heime på tilkallingsvakt. Denne ordninga er i ferd med å ta slutt. Sjuke barn som då vert lagt inn på barneavdelinga blir automatisk sende til Kristiansand, sa Halvorsen.

– Det er bekymringsverdig. Ein er redd for kompetansen ved barneavdelinga, sa ordføraren.

I 2010 møtte over 10 000 menneske opp til fakkeltog i Arendal sentrum. Den gang var dei bekymra for at nedbygging av sjukehuset i Arendal. Sigurd Ledaal trur kampviljen for sjukehuset framleis er stor i byen.

– Særleg barneavdelinga står sterkt her. Det viser aksjonane vi har hatt for å skaffe pengar til instrument og utstyr til avdelinga. Vi har fått solid oppslutning for det vi gjorde for eitt år sidan her, seier han.

Jan Roger Olsen

Sjukehusdirektør i folkehavet under fakkeltoget for tre år sidan.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Plukkar ned det vi har

Ledaal påpeikar også at sjukehusa i Arendal og Kristiansand skal ha likeverdige tilbod.

– Når ein overfører det eine etter det andre frå Arendal til Kristiansand føler vi at dei er i ferd med å plukke ned det vi har, seier han.

No ventar han spent på kva resultatet blir når sjukehusstyret skal sjå på bekymringsbrevet frå formannskapet.

– Vi håpar at dette blir teke opp i styret og at styret blir informert om korleis situasjonen er, og korleis befolkninga og dei som brukar avdelinga ser på det. Så håpar eg at dei ser på dei avtalene som er gjort tidlegare, seier han.