Hopp til innhold

Vanskeleg å stoppe innbrotsbølgje

Politiet har sett ned ei gruppe med etterforskarar som skal jobbe målretta med meir enn 40 innbrot på Agder dei siste dagane.

Innbrudds-raid

ETTERFORSKING: Ei etterforskingsgruppe skal finne ut kven som står bak over 40 innbrot på Sørlandet i løpet av den siste veka. (Arkivfoto)

Foto: Espen Bierud / NRK

– Såvidt eg veit har ikkje Agder politidistrikt blitt råka av ei liknande innbrotsbølgje nokon gang. Det er snakk om 40 innbrot som hovudsakleg har skjedd i løpet av ei veke, seier politioverbetjent Leif Viken til NRK.no.

Viken seier at politiet står føre ei stor utfordring med å finne innbrotstjuvane.

– Vips så er dei vekk

– Dei er veldig mobile og flyttar seg raskt innan distriktet. Det verkar som dei er kort tid inne på åstadene. Dei tek gjerne eitt eller to hus i same gata og vips så er dei vekk, seier han.

– Det er særs få obeservasjonar av desse tjuvane kring rørslene deira. Vi har heller ikkje funne fram til stader der dei har hatt base. I sum er dette veldig vanskeleg, seier Viken.

Agder-politiet har no sett ned ei arbeidsgruppe med politifolk frå Grimstad, Arendal og felles kriminaleining.

Gjennom helga har politiet fått inn meldingar om innbrot på Hovden, Arendal, Grimstad, Lillesand og Kristiansand.

Etterforskingsgruppa i gang

– Vi har ikkje nye spor per i dag, seier politiførstebetjent Wigdis Irene Songdal.

Tysdag starta arbeidet i etterforskingsgruppa.

– Først og fremst er det å få systematisert og sett ned ei gruppe med etterforskarar slik at dei får jobbe med oppgåvene som vi veit ligg der. Det er tips, jobbe vidare med sakene, avhøyr og rundspørjingar. Det går konkret på handlingsplan for kva som skal gjerast vidare i sakene, seier ho.

Mykje tyder på at det er dei same som står bak innbrota.

– Det er såpass mange fellestrekk ved åstadene at det er grunnlag for å tenkje slik, seier Leif Viken.

– Ver på vakt

– Vi har grunn til å tru at det er mobile vinningskriminelle og då tenkjer vi på grupperingar som har ein link til vedkommande som vart pågripen i Arendal i helga. Det var, såvidt vi veit, ein albanar, seier Viken.

Politiet ber no folk vere på vakt.

– Folk må passe på tinga sine, låse husa og vere merksam på rørsler rundt husa og har opplyste hus. Så må ein ikkje berre passe på sitt eige, men også halde eit auge med naboen sitt hus, seier Songdal.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %