– Vi har fått meldingar som uroar oss og som gjer at vi ynskjer å ta grep i forhold til å bli meir proaktive og jobbe førebyggjande for å unngå ei uheldig endring i miljø, seier politistasjonssjef i Kristiansand, Ole Hortemo til NRK.no.
Stasjonssjefen er særs tilbakehalden med opplysningar kring bekymringsmeldingane. Hortemo meiner det er særs viktig at politiet jobbar førebyggjande.
– Bekymringane og meldingane får vi på ulike nivå og er i lita grad verifiserbare, seier Hortemo.
Manglar kompetanse
Onsdag orienterte politistasjonssjefen politikarane i Kristiansand om bekymringa. Han vil ikkje stadfeste om det fins radikale islamistar i Kristiansand i dag.
– No ynskjer ikkje eg å gå i detalj om kva vi veit. Dette er eit område som PST styrer i all hovudsak. Men vi har fått inn meldingar som uroar oss, seier Hortemo.
I Oslo har politiet i lengre tid jobba inn mot slike miljø. På Sørlandet har politiet lite erfaring med radikale islamistar.
– Politiet sit ikkje med eit fullgodt bilete av situasjonen og har langt på veg mangelfull kompetanse i forhold til desse miljøa. Difor utfordrar vi andre aktørar som har meir kompetanse. Vi vil setje oss ned saman og leggje dei best moglege strategiane, seier han.
Vil førebyggje
– Vi har utfordra kommune og andre aktørar som kanskje har meir kunnskap enn oss i politiet om dette. Vi ynskjer å jobbe for betre førebygging og forhindre ei uheldig utvikling, seier politistasjonssjefen.
Blant samarbeidspartnarane er muslimske trufellesskapet Muslimsk Union Agder.
– Vi skal ha regelmessige møter på leiarnivå. Nettopp fordi vi har ei felles utfordring og bekymring i forhold til at det skal skje noko, seier Hortemo.
– Her snakkar vi ikkje om det store fleirtalet av muslimar i byen. Vi snakkar om eit lite tal som utgjer ein trugsel og som vil øydeleggje veldig mykje for dei mange positive flotte muslimane vi har her i byen, legg han til.
– Sårbar region
Politiet i Kristiansand har tidlegare hausta skryt for arbeidet dei la ned med det høgreekstreme miljøet i byen. Hortemo vil bruke erfaringar herifrå i arbeidet inn mot det radikale islamistiske miljøet.
– Eg trur vi kan bruke litt av den same metodikken i forhold til eventuelle valdelege ekstremistar i andre grupperingar, seier han.
– Er det fare for valdshandlingar i Kristiansand?
– Vi er opptekne av å forhindre valdshandlingar i Kristiansand. Vi er ein region som er sårbare fordi vi har hatt ekstreme ytringar på høgresida, som gjer at vi er litt redde for valdsspiralar og konfliktspiralar mellom yttergrupperingar, seier han til NRK.no.