Hopp til innhold

Tripic stadfestar tysk interesse

Start-spelar Zlatko Tripic skal vere på veg til ein tysk klubb. Tripic stadfestar overfor NRK at det er interesse frå ein tysk klubb.

Zlatko Tripic

Zlatko Tripic kan vere på veg vekk frå Start.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Eg håpar at det vert ei avklaring i løpet av helga, seier Tripic til NRK.

Tidlegare i dag skreiv Fædrelandsvennen at det er Eintracht Braunschweig som jaktar signaturen til kantspelaren. NRK får stadfesta frå klubben at Tripic ikkje er aktuell.

I ettermiddag skriv avisa at det skal dreie seg om Greuther Fürth, som spelar på nivå to i den tyske serien.

Tripic stadfestar overfor NRK at det er interesse for ein tysk klubb, men han vil ikkje seie kva klubb det er snakk om.

Tripic deltok ikkje på dagens Start-trening. Det skal ikkje ha noko med ein eventuell overgang å gjere.

– Det var medisinske årsaker, seier Tripic.

Kantspelaren stadfestar overfor NRK at han er i Norge.

Administrerande direktør i Start, Even Øgrey Brandsdal, vil ikkje kommentere ein mogleg overgang.

– Vi kommenterer ikkje spelarlogistikk, seier han til Fædrelandsvennen.