Hopp til innhold

Tripić kan få debuten i Greuther Fürth

Zlatko Tripić frå Lyngdal er med i troppen til Greuther Fürth når dei møter St. Pauli måndag kveld.

Zlatko Tripic

Zlatko Tripić kan få debuten for Greuther Fürth mot St. Pauli.

Foto: Fürth

Det er første gang at Tripić er med i kamptroppen til klubben han signerte for i januar.

– Det følest veldig bra. Eg gler meg veldig til å jogge ut på bana med resten av gutta. Eg håpar eg får debuten min. Eg er veldig klar om eg får sjansen, seier Tripic til NRK.

Greuther Fürt ligg på 14. plass i 2. Bundesliga. Måndagens motstandar St. Pauli ligg heilt sist på tabellen.

Høgare tempo

Tripić fortel at han har fått skryt frå støtteapparatet.

– Dei er nøgde med måten eg har trent på denne veka. Dersom dei treng mine kvalitetar og eg får spele, så skal eg vise at eg fortener å spele igjen i neste kamp, seier han.

22-åringen spelte berre ein sesong i Start før han fekk oppfylt draumen om å spele i utlandet. Ifølgje Tripić er nivået høgare på nivå to i Tyskland enn i eliteserien i Norge.

– Ting går naturlegvis litt raskare. Det er veldig høg kvalitet på spelarane. Tempoet er høgre, du må gjere val raskare og det er veldig høg kvalitet på spelarane, seier han.

– Det vert spelt mykje langs bakken. Det er god fotball og fin fotball. Eg er veldig nøgd med nivået, seier han.

– Kan fokusere på trening

Han opplever også at Greuther Fürt har eit profesjonelt apparat kring spelargruppa.

– Eg treng berre å ha fokus på trening og vere konsentrert når eg kjem på jobb. Du har folk som er veldig flinke rundt deg og tek vare på deg. Eg er veldig nøgd med måten laget har teke imot meg, seier Tripić.

Tripić bur framleis på hotell, men skal etterkvart flytte inn i ei leilegheit. Så langt har han funne seg godt til rette i byen med kring 120 000 innbyggjarar.

– Byen er kjempebra. Eg har berre vore her ei lita stund, men trivst godt så langt, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %