Hopp til innhold

Tørum trur på einvegskøyring

Start-trenar Knut Tørum er offensiv føre søndagens møte med Strømsgodset på Sør Arena.

Knut Tørum

OFFENSIV: Knut Tørum trur på Start-suksess i oppgjeret mot Strømsgodset.

Foto: Solum, Stian Lysberg / Scanpix

– Vi møter eit lag som har gjort det betre enn det som var venta før sesongen starta. Det skal dei ha skryt for, seier han til ikstart.no.

– Med eit ganske ungt mannskap så har dei klart å gjenskape fart og tempo i det dei gjer på bana. Fart, fart, fart i alt dei gjer og bra organisert, seier Tørum.

Entusiasme

I søndagens oppgjer møtest eliteserien sine to beste talentklubbar. Ingen lag i eliteserien er betre på å bruke unge talent.

LES OGSÅ: Godset og Start er talent-vinnarane

Godset-trenar Ronny Deila har tidlegare sagt at klubben satsar bevisst på å utvikle eigne spelarar.

– Vi får att for det i form av meir entusiasme rundt laget, sa han til godset.no.

Sjølvsikker Tørum

Knut Tørum trur det vert spesielt viktig å krige Strømsgodset ut av stilen.

– Det vert nok lettare her på Sør Arena enn det var i Drammen i vår, for dei har vore mykje betre på eige gras. Nøkkelen til suksess søndag vert å bryte gjennom kontringane deira, for dei kjem til å satse fullt framover når dei får sjansen, seier han.

Start tapte borteoppgjeret mot Godset 1-3.

– Vi kjem til å få til eit bra angrepsspel, det er eg heilt sikker på, og så kjem vi til å halde nullen for første gang på lenge. Det vert einvegskøyring, trur Tørum.

Start - Strømsgodset

Sør Arena, søndag kl. 18:00

Start (9): Bernt Hulsker er suspendert av klubben i tre kampar etter valdsepisoden. Bård Borgersen er skada. Espen Børufsen og Petter Bruer Hanssen er usikre.

Strømsgodset (4): Jo Inge Berget er med i troppen etter et langvarig skadeavbrekk. Steffen Nystrøm, Joel Riddez og Kim Andre Madsen er ute med skader.

Omvendt kamp tidlegare i sesongen: 1-3
Dommar: Ken Henry Johnsen, Flint
Form: Start (TVUTT) - Strømsgodset (VVUVT)

SJÅ OGSÅ: ALT OM DEN 24. RUNDEN

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %