Hopp til innhold

Toppkandidatar vil ha eitt Agder

Ordførarkandidat i Arendal og fylkesordførarkandidat i Aust-Agder vil ha fylkessamanslåing.

Tormod Vågsnes

EITT AGDER: Tormod Vågsnes vil stemme for eitt Agder.

Foto: Sundsdal, Svein / Svein Sundsdal/NRK

Tellef Inge Mørland

Tellef Inge Mørland

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Eg blir betenkt over at sentrale politikarar i Arendal er så knallharde på nei-sida, for det er også klare pluss, seier ordførarkandidat i Arendal for Kristeleg folkeparti, Tormod Vågsnes.

– Eg har trua på at vi kan stå sterkare saman. Personleg har eg opplevd fylkesgrensa meir som eit hinder enn som ein fordel, seier Arbeiderpartiets Tellef Inge Mørland, som er fylkesordførarkandidat i Aust-Agder.

Sterk motstand

Fleire meiningsmålingar den siste tida har vist framleis sterk motstand i Aust-Agder mot ei samanslåing av dei to fylka. Dei fleste toppolitikarane i Arendal har tona klart flagg mot eitt Agder føre folkeavstemninga om nokre veker.

Tormod Vågsnes tek no til motmæle mot det han meiner er einsidig framstilling frå sine politiske kollegare i kommunen. Han meiner saker som til dømes kampen for eit fullverdig sjukehus i Arendal for lett vert blanda.

– Det å få ned den offentlege administrasjonen bør det liggje gevinst i. Eg trur også næringslivet til tene på dette. Det bør liggje gevinst i vidare samarbeid i offentleg sektor. Eg tenkjer spesielt på dette med handtering av søppel. Der er nok mange område ein kan samarbeide betre enn vi gjer i dag, seier Vågsnes.

Video Ja til fylkessammenslåing

VIDEO: På en spørrerunde i Lillesand fikk NRK det samme svaret fra alle spurte om hva de mener om fylkessammenslåing.

Byggje tillit

Tellef Inge Mørland vil ikke anbefale andre å stemme for fylkessamanslåing sjølv om han har teke standpunkt.

– Eg føler ikkje at eg kan anbefale folk å stemme ja. Det må dei finne ut av sjølve. Men eg skulle ynskje at ein kunne bruke meir tid på å byggje tillit, seier han.

– Det er mange som føler at dette vert ei samanslåing der Aust-Agder skal leggjast under Vest-Agder. Dei som er ja-folk burde ha brukt mykje meir tid på å vise at dette skal vere ei samanslåing mellom to likeverdige partar, meiner han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Forsvarsadvokat, Ole Joakim Devold.

Skal ha helt lim over øynene på sovende barn: – Erkjenner ikke straffskyld

En person som holder flere pakker med medisiner i hånda.

Testikkelen døde: – Jeg kan ikke løfte barna

Bildet viser ulykkesstedet på Tromøya i Arendal.

Syklist påkjørt: Fremstår alvorlig

en gruppe menn i oransje jumpsuits som går ut av en gul varebil

Frykter for sikkerheten til ambulansearbeidere

Spilles av
Hvor «fat friendly» er Tusenfryd?
Neste