– Vi kan stadfeste at han blir vår nye hovudtrenar, seier dagleg leiar i Vipers-Kristiansand, Per Geir Løvstad til NRK.
35-åringen frå Slovakia kom frå russiske Rostov Donn til Vipers i fjor.
Han er assistenttrenar i Vipers i dag.
– Han har ein god bakgrunn og har trent store lag i Europa og har eit godt forhold til spelarane i Vipers, seier Vipers-sjefen.
Løvstad seier også at klubben jaktar ein trenar til, som skal vere sidestilt Hlavaty.
Store sko å fylle
No tek han over etter Ole Gustav Gjekstad, som hovudtrenar i klubben. Det var VG som omtalte tilsettinga først.
Gjekstad er inne i sin siste sesong som Vipers-trenar. Han skal trene danske Odense neste sesong.
Gjekstad har ført Vipers til ei rekkje titlar i sin periode i Vipers. Dei to høgdepunkta er gull i meisterligaen.
Den nye trenaren har med andre ord store sko å fylle.
– Heilt klart har han det. Men vi meiner han er kapabel til å tole presset. Men det skal noko til å ha den same suksessen, seier Løvstad og understrekar at klubben sine ambisjonar ligg fast.
Har snakka med mange kandidatar
Hlavaty har vore assistent på det russiske landslaget og har også vore innom storklubben Györ i Ungarn.
Klubben skal kjempe i toppen i Europa og vinne serie, cup og sluttspel heime i Noreg.
Vipers har jakta ny trenar i fleire månader. Løvstad forklarar tidsbruken slik:
– Vi har snakka med mange aktuelle kandidatar. Tomas har vore med i diskusjonen heile tida, seier Løvstad.
Vipers kan sikre seriegullet i eliteserien dersom dei tek poeng borte mot Storhamar onsdag kveld.
Vipers Kristiansand tok sitt sjette cupgull på rad nyleg.
Foto: Christoffer Andersen / NTBVipers-sjef kalla spelar «feit»
Det har storma rundt Vipers Kristiansand den siste veka.
Marknadssjef Christer Paulsen fekk skriftleg åtvaring etter å ha kalla ein Byåsen-spelar «feit» på Facebook.
To av hovudsponsorane har bede om eit møte med klubben.
Paulsen hevda først at Facebook-kontoen hans var hacka, men seinare vedgjekk han at det var han som hadde skrive kommentaren.