– Eg er glad. Dette er mitt første NM-gull, det kjem eg til å hugse for alltid. Men eg vil ha meir. Eg skal feire i dag, så skal eg jobbe vidare, seier Vipers-profilen, Anna Vjakhireva.
Storfavorittane frå Kristiansand opna kampen best. Men dei klarte berre å skaffe seg ei tomålsleiing i løpet av kampens første 15 minutt.
Sola beit seg fast, og heldt følgje heilt til pause.
Anna Vjakhireva var endå ein gong viktig for Vipers.
Foto: Christoffer Andersen / NTBSølvmedaljevinnar: – Stort
Anna Vjakhireva var farlegast for Vipers, med fem skåringar og fleire målgivande pasningar.
For Sola var det Live Rushfeldt Deila og Merlinda Qorraj som teikna sjå for flest skåringar, med tre mål kvar.
– Det er stort å stå her med ein sølvmedalje, seier Sola-spelar Qorraj, som kjem frå Kristiansand.
I Vipers-buret hadde Sofie Börjesson fått tillit. Ho svarte med ein redningsprosent på 40 i dei første 30 minutta.
– «Jëttekul», seier svenske Börjesson etter sitt første NM-gull.
– Eg tek sjansen når eg får den. Det er slike kampar vi ynskjer å spele. Vi er det sterkaste laget og vinn fortent, seier målvakta.
Sofie Börjesson erstatta Katrine Lunde i Vipers-målet. Ho leverte ein god kamp.
Foto: Christoffer Andersen / NTBStillinga var 14-12 til Vipers ved sidebyte.
Etter kvilen skrudde Vipers opp tempoet eit lite hakk. Dermed byrja dei å dra frå, mål for mål. Etter 12 minutt i andre omgang var dei regjerande meistrane fem mål føre, med 20-15.
Vipers var i stort overtal på tribunen, og gav god lyd frå seg gjennom heile kampen.
Foto: Christoffer Andersen / NTB– Prega av stundas alvor
Til stor glede for den rosa delen av tribunen. Dei var etter kvart like suverene vinnarar av tribunekampen som Vipers var ute på banen.
Etter halvspelt sisteomgang var dei rosakledde seks mål føre, med 22-16-leiing.
Vipers kontrollerte inn til 30-23 og sitt sjette strake NM-gull.
– Vi måtte slite litt denne helga. Alt har ikkje gått på skjener, men vi vinn klart og tydeleg til slutt. Vi vart kanskje litt prega av stundas alvor i periodar. Det har ikkje glidd så godt angrepsmessig og vi må ned i kjellaren å grave litt, seier Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.