Det var i går dei tre kom køyrande mot blomster- og gavebutikken Købmandens Handelscenter i Arentsmindre på Nord-Jylland.
Varetektsfengsla
Etter å ha sjekka kasseapparatet, forlot dei butikken utan å få med seg noko som helst.
– Dei tre er varetektsfengsla fram til 1. desember, opplyser vaktleiar ved Nord-Jyllands-politiet til NRK.
Kan bli sende heim
Men allereie neste veke kan dei tre bli utvist frå Danmark, og sende heim til Noreg.
– Dei vil bli avhøyrt, og truleg utvist frå Danmark. Så må norsk politi følgje opp, seier han.
I bilen til dei tre er det funne tjuvgods som truleg stammar frå Farsund. Dansk politi har vore i kontakt med lensmannskontoret i Farsund.
Tilstod
Dei tre mennene var 18, 19 og 20 år og har tilstått forholdet. Ifølgje den danske avisa Nordjyske har dei tre forklart til politiet at dei spelte opp pengane sine på danskebåten. Difor trengde dei pengar til ei hotell-overnatting.
– Så istadenfor eit hotellopphald får dei tre unge nordmennene no eit alternativt opphald i Danmark, skriv avisa.