Hopp til innhold

Startar ny flyrute frå Kjevik

Widerøe startar opp ny flyrute mellom Kristiansand og Trondheim.

Widerøe fly

Frå i haust skal Widerøe fly direkte frå Kristiansand til Trondheim.

Foto: Pressebilde

– Denne ruta knyter to særs spennande reiselivsregionar saman. Begge regionane har stor andel norske turistar, seier kommunikasjonsdirektør i flyselskapet, Richard Kongsteien til wideroe.no.

Frå og med 1. september vil det gå fly frå Sørlandet til Trøndelag fredagar og søndagar.

Helgeruter

– Denne direkteruta opnar for turiststraumar som tidlegare har vore avgrensa av lang reiseveg og manglande direktesamband, seier han.

I første omgang er det altså snakk om helgeruter på strekninga. Men direktøren utelukkar ikkje fleire avgangar etter kvart.

– Vi har stor tru på ruta og våre kundar kan stole på at vi vil auke tilbodet i takt med at etterspurnaden aukar, seier han.

Lufthamnsjef Thomas Langeland på Kjevik er nøgd med å ha den nye ruta på plass.

Fire direkteruter

– Det er eit særs spennande tilskot til veksten lufthamna opplever og dei mange destinasjonane som no vert tilbode direkte frå Kristiansand lufthavn, skriv han i ei pressemelding.

Widerøe har dermed direkteruter frå Kjevik til Stavanger, Bergen, København og Trondheim.

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste