Hopp til innhold

Start tapte generalprøva

Sandefjord slo Start 2-0 i den siste kampen før eliteseriestart neste helg.

Dårlig generalprøve for Start før eliteserien starter neste helg.

Sjå intervju med Steinar Pedersen, Rolf Daniel Vikstøl og Espen Hoff.

– Vi kan sette fingeren på mykje som burde ha vore betre, men dette er ein treningskamp. Ei veke no med gode førebuingar så er vi klar for eliteserien, seier Start-trenar Steinar Pedersen til NRK.

Etter ein kjedeleg første omgang tok 1. divisjonsklubben frå Vestfold leiinga på Sør Arena tre minutt ut i andre omgang.

Start - Sandefjord

Start møter Lillestrøm i første serierunde neste helg.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

Erik Mjelde sitt frispark gjekk rett i mål bak Håkon Opdal i Start-buret.

Passive og ustrukturerte

Eit kvarter seinare var Mjelde frampå igjen, og burde ha dobla for gjestene frå Sandefjord.

Men ei fantastisk redning av Opdal hindra eit nytt Sandefjord-mål.

Ti minutt før slutt vart Kjell-Rune Sellin spelt gjennom og kom aleine med Håkon Opdal. Sellin vann duellen og la på til 2-0.

– Det som kjem neste helg vert noko heilt anna enn det vi har vore gjennom til no. No skal vi konkurrere om poeng. I dag vart vi litt passive og ustrukturerte, seier Pedersen.

Skal samle overskot

– No handlar det om at gutane skal ha masse overskot og energi til å prestere i ein kamp som tel. No handlar det om å terpe på detaljar. Vi har ei veke igjen og er klar til neste søndag, seier han.

Så gjenstår det å sjå om uttrykket «dårleg generalprøve gjer god premiere» gjeld for Start når dei tek imot Lillestrøm heime på Sør Arena neste søndag.

– Eg gler meg. Vi ser fram til kampen mot Lillestrøm, seier Start-trenaren.

Start sine treningskampar

Start - Vindbjart

4-1

Bodø/Glimt - Start

2-0

Start - Viking

2-1

Start - Jerv

1-1

Start - Sarpsborg 08

2-1

Sandnes Ulf - Start

0-2

Start - Sandefjord

0-1

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,64 kr
Dyrest kl. 02 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %