Hopp til innhold

Start-søknaden blir behandla måndag

Cultiva skal ha styremøte måndag. Då vert IK Start sin søknad om ti millionar i lån behandla.

Cultiva
Foto: Einar Kleveland / NRK

– Det blir eit telefonmøte på måndag klokka ti, meir enn det ynskjer eg ikkje å seie før møtet, seier styreleiar i Cultiva, Ansgar Gabrielsen til NRK Sørlandet.

Trekte søknaden

I førre veke trekte IK Start søknaden på 10 millionar kroner fordi den økonomiske situasjonen for neste år ikkje er avklara. Ein time seinare kom det fram at Cultiva ville gje Start lånet.

– Årsaka er blant anna informasjon om den investorgruppa som no er på veg inn i Start. Desse har vi ikkje grundig nok kunnskap om då vi trekte søknaden. Vi har no fått dokumentasjon som gjer at vi føler oss tryggare på at vi har ei løysing som er meir langsiktig, sa styreleiar i IK Start, Tom Edvardsen.

Reopna søknaden

På bakgrunn av ei møte mellom IK Start og Start Toppfotball tysdag kveld, har IK Start og Start Toppfotball blitt einige om å be stiftelsen om å reopne søknaden som er sendt tidlegare .

Start-eigar stadfesta i førre veke at nye investorar er på veg inn i klubben og sa til NRK at dette er lokale investorar med forankring i Kristiansand.

– Solide økonomisk

– Desse er solide økonomisk og går inn i Start med sikte på langsiktighet, sa Ravnaas.

Styreleiaren i Cultiva vil ikkje seie kva han trur om utfallet etter møtet på måndag.

– Eg har ikkje så mange tankar rundt dette no. Men etter møtet på måndag vil eg svare på alle spørsmål rundt dette, avsluttar Gabrielsen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %