Hopp til innhold

Slik unngår du malefellene

Fleire tusen nordmenn brukar sommaren på å male hytta eller huset. Her får du eksperttips for å få det beste resultatet.

Maler

MALING: Plukk opp tips i denne artikkelen før du set i gang med malearbeidet.

Foto: Lehtikuva Oy / Scanpix

Husveggen er flassete og sliten. Det same er kanskje hytta på fjellet. Du er budd på å bruke sommarferien på å få «shina» opp huset, men er usikker på kva måling du skal bruke, kva pensel du skal bruke og kva førearbeid du skal gjere.

Det aller viktigaste før du set i gang er å reingjere husveggen, eller hytteveggen godt.

Skrap

– Du må starte med å vaske veggen grundig med kraftvask for å få eit godt resultat. Du må også skrape vekk det lause, elles vil malinga falle av ganske raskt, seier André Jensen hos Byggmakker Eftevaag i Kristiansand til NRK.no.

Sommaren er for mange høgtida for vedlikehald av husveggen. Men måleeksperten påpeikar at ein er litt for seint ute når vi har komme til juli månad.

– Det beste er å gjere målearbeid i april, mai eller juni. Då er lufta tørrare og det tørkar raskare. Det som kan skje no er at vi får nattdogg, og då vil glansen forsvinne, seier Jensen.

André Jensen

TIPS: André Jensen har mange gode tips til deg som skal male huset i sommar.

Foto: Sander Heggheim

Luftfukt

Ein ustabil sommar med mykje regn skapar også utfordringar når ein skal fram med målekosten. Med høg luftfukt er det mang feller å gå i.

– 20 prosent luftfukt er kritisk. Her må du eigentleg ha ein fuktmålar for å vere sikker. Brukar du oljemåling utpå kvelden vil det ta lang tid før det tørkar. Det kan skje at malinga ikkje tørkar over natt, og då kan du få trøbbel når sola står opp om morgonen, seier Jensen.

Male

KOSTAR: Det kan vere pengar å spare på å kjøpe billege malekostar, men kvaliteten blir deretter.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

For når sola steiker på ein nymala vegg som ikkje er tørr kan det oppstå solblærer på veggen. Då er det ingen veg tilbake.

– Då kan du eigentleg berre skrape av og starte på nytt, seier han.

Pensel

Når det kjem til val av pensel er svaret enkelt. Du får det du betalar for.

– Spesielt innvendig vil du få mykje penselstrekar med ein billeg kost. Den store skilnaden ute er at du slepp å dyppe penselen så ofte. Med ein god pensel vil du også få eit jamnare resultat på husveggen, seier Jensen.

– Mange vil sjølvsagt ha det billegaste, men det er stor skilnad på kvaliteten. Verktyet er halve jobbe, legg han til.

Skal du bruke beis, dekkbeis eller maling? Også her er det feller å gå i.

– Dersom du byrjar med maling kan du ikkje snu. Du kan ikkje gå på med beis eller dekkbeis etterpå. Er du i tvil kan eg anbefale å starte med beis. Då kan du halde fram med dekkbeis eller måling. Ein beis er heilt transparent. Men det er maling som vil halde lengst, seier Jensen.

Mette Flåthe Lindseth maler i finværet

MALING I SOL: Ver sikker på at malinga tørkar før sola står opp morgonen etter. Med sol som står rett på ein nymala vegg risikerer du solblærer. Då må du skrape og starte arbeidet på nytt.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Nytt impregnert materiale

Har du ein splitter ny terrasse, eller eit splitter nytt hus du skal male, er det utfordringar knytt til det. Du skal ikkje bruke grunning eller visir på nye terrassegolv.

– Det er mykje salt i impregneringa og det må komme ut. Bruk terrasserens og vask sjølv om det er nytt. Så kan du smørje på olje eller beis. Med olje må du gå på ein til to gonger i året, dersom det skal halde heilt. Ein beis held i tre år, seier han.

Det er ulike meiningar rundt korleis ein skal behandle ein ny kledning på eit hus. Ifølgje Jensen, meiner mange tømrarar at veggen må stå eitt år før du kan gå på med maling.

– Det er feil. Det skal stå i fire veker. Også her er det mykje salt, og det held med å skylje veggen. Då startar du med grunning, deretter kan du gå på med beis, dekkbeis, eller maling, seier Jensen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %