Hopp til innhold

Miste kjærasten i trafikkulykke - no får han endeleg ein opptur

For eit halvt år sidan mista han kjærasten i bilulykke. No kan han endeleg smile då gutedraumen går i oppfyllelse. Sverre Olaf Lian frå Vennesla skal spele fotball på Liverpool si heimebane Anfield.

Sverre Olaf Lian

Sverre Olaf Lian saman med kjærasten Tonje, som døydde i ei trafikkulykke. I mai skal Sverre Olaf spele på Anfield. – Dette trengde eg verkeleg, seier han.

Foto: Reuters - Privat

– Dette trengde eg verkeleg. Då eg fekk telefonen spurte eg om dei tulla med meg. Så kom tårene. Det kribla i heile kroppen, seier Lian til NRK.

29. september var 30-åringen frå Vennesla på gutetur i Tallin. Same dag ringde telefonen heimanfrå. Der fekk han sjokkbeskjeden om at kjærasten Tonje hadde vore involvert i ei trafikkulykke.

Seinare kom meldinga om at ho var død.

– Dei siste månadene har vore tunge. Vi skulle flytte i lag, men slik gjekk det ikkje, seier han.

– Blir heilt enormt

200 supportarklubbar over heile verda, som sympatiserer med Liverpool, var interessert i å vere med på ei supporterturnering på Anfield. Den norske supporterklubben var ein av dei heldige, som får vere med.

For nokre veker sidan vart medlemmene i den norske klubben invitert til å melde seg, om dei hadde lyst til å vere med.

Pepe Reina

Sverre Olaf Lian får ein ting til felles med Liverpool-målvakt Pepe Reina 28. mai. Begge har stått i mål på Anfield.

Foto: Tim Hales / Ap

Venndølen skreiv søknad og levde i håpet om å få bli ein av dei heldige som vart trekt ut. Onsdag kom gladmeldinga.

30-åringen er ein av åtte som skal representere den norske supporterklubben på Anfield. No ser han fram til å springe ut på grasmatta i Liverpool 28. mai.

– Det blir heilt enormt. Eg veit ikkje korleis eg kjem til å reagere. Det blir mykje kjensler. Å få lov til å vere med på dette blir ein heilt utruleg opptur. Endeleg smiler livet igjen, seier han.

Spelar for Tonje

Å spele med hjartet utanpå drakta er eit velkjend omgrep innan fotballen. Når han spring ut på Anfield-matta i mai deler han hjartet i to.

– Den eine halvdelen for klubben og den eine halvdelen for Tonje, seier han.

Dagleg leiar i Liverpool sin norske supporterklubb, Tore Hansen, er glad for å høyre om 30-åringen sin reaksjon.

– Liverpool og fotball kan gjere ein skilnad både for enkeltpersonar og livssituasjon. Å sjå at ein person, som har opplevd ei sterk krise i livet, blir trekt ut på laget er stor inspirasjon for oss som jobbar med dette. Heilt fantastisk, seier han.

Sverre Olaf Lian har følgt klubben i sitt hjarte i tjukt og tynt sidan 89/90-sesongen. Sjølv har han lagt fotballskoa på hylla for lenge sidan. På Anfield skal han stå i mål for dei norske supporterane.

– Eg må nok ut i snøen å slenge meg litt. Heldigvis er det bra med tid til å prikke inn forma, seier Lian som også er engasjert i lokalfotballen, der han sit i styret i 2. divisjonsklubben Vindbjart.

Eliteserieerfaring

Rundt 500 norske Liverpool-supporterar ville vere med i turneringa. To av dei som vart tekne ut har faktisk erfaring frå toppnivå i Norge.

Kjell Roar Kaasa har spelt i både Vålerenga, Kongsvinger og Lyn i eliteserien. Også Nils Ottar Sandø har erfaring frå toppfotball med Ålesund.

– Rundt ein fjerdedel av søkarane har faktisk spelt i 1. divisjon og eliteserien, så vi kunne ha stilt eit sterkt lagt, ler Hansen i supporterklubben.

– Men for å gjere det mest mogleg rettferdig vart dette gjort gjennom trekning, seier Hansen.

Sjølv misunner han dei heldige som får lov til å spele på Anfield.

– Dei er utruleg heldige. Eg kunne godt ha tenkt meg å spelt sjølv. Det kjem til å bli ei stor oppleving, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 07 2,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %