Sirdal og Bykle høgt oppe på lista

Sirdal og Bykle kommunar var blant kommunane som gav mest per innbyggjar i snitt under årets TV-aksjon.

Thor Hushovd og Kathrine Sørland

Sørlendingen Thor Hushovd (t.v) var blant dei som tok imot telefonar frå folk som ville støtte opp om TV-aksjonen.

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

Innbyggjarane i Bykle gav i snitt 133,42 kroner ved årets TV-aksjon. Aust-Agder-kommunen kom med det på 7. plass på landsoversikta.

Sirdal kommune vart nummer 18 etter at innbyggjarane gav 77 kroner i snitt per innbyggjar.

Kristiansand kom godt ut samanlikna med dei andre største norske byane. Sørlandets største by vart kun slått av Trondheim som gav 44,54 kroner i snitt per innbyggjar. I Kristiansand vart det gitt 43,80 kroner i snitt.