Slo full alarm – trudde full mann hadde falle i sjøen

Ein rusa mann skapte hovudbry for politi og brannvesen i hamna i Kristiansand. Dei trudde han hadde falle i sjøen og sett i gang redningsaksjon.

Ferjeterminal i Kristiansand

Det var her i hamna i Kristiansand hendinga fann stad.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det var litt over klokka fire natt til laurdag at både politi og brannvesen rykte ut i all hast.

Meldinga gjekk ut på at ein mann hadde forsøkt å ta seg om bord i ferja Fjord Cat som låg til kai i Kristiansand hamn. Besetninga oppdaga mannen og forsøkte å stoppe han.

Mannen gjekk deretter mot Color Line Superspeed som ligg rett ved sidan av. Det var då han forsvann for mannskapet på Fjord Cat. Dei frykta at han hadde falle på sjøen.

Hovudredningssentralen bestemte at det skulle setjast i gang søk etter mannen i sjøen. Dykkarar frå brannvesenet vart sendt ut og politiet søkte etter mannen med båt og frå land.

Etter kort tid vart redningsaksjonen avblåst då mannskap på ferja hadde sett at mannen forsøkte å komme seg om bord. Dei hadde allereie sett mannen i arrest.

Mannen vart pågripen av politiet og sett i arresten ved Kristiansand politistasjon. Han er meld for hendinga og vil bli bøtelagd.