Hopp til innhold

Seglbåt velta: Seks barn og tre vaksne henta opp frå sjøen

Redningsmannskap har henta opp ni personar frå sjøen etter at ein seglbåt kantra utanfor Farsund.

Seilbåt Lyngdal
Foto: Linn Emilie Kalleberg

– Vi fekk melding litt før klokka 11 i dag om at ein seglbåt hadde kantra og at det var ein del menneske i sjøen. Vi mobiliserte redningsskøyta og alarmerte redningshelikopter, fortel Anja Bakken, kommunikasjonsrådgivar i Hovedredningssentralen Sør-Noreg.

Hovedredningssentralen leder og koordinerer aksjonen, politiet støtter frå land.

Redningsskøyta Uni Oksøy låg i Farsund og kom raskt til staden, og fekk raskt plukket opp ni personar.

– Nokre var i sjøen, og nokre hadde komme i land på ein holme. Redningsskøyta har tatt disse med seg til land i Farsund, der de har blitt møtt av helsepersonell, seier Bakken.

Barn og ungdom om bord

Skipper Jarl Pedersen på redningsskøyta Uni Oksøy seier det var et dramatisk syn som møtte dei.

– På avstand så vi folk som vinka i sjøen. Det stakk opp litt av baugen på båten, og det låg noko seil og tauverk som flaut rundt.

Bildet er av fem av guttene som var i seglbåten, og Matros Jonas Jensen lengst til høgre.

Bildet er av fem av gutane som var i seglbåten, og Matros Jonas Jensen nest lengst til høgre. Arrangementet fortset og de involverte gutane er i gang med nye arbeidsoppgåver.

Foto: Bård Håberg / Privat

Ifølge Pedersen heldt sju personar seg fast rundt den havarerte båten.

– Det var ein privatperson som allereie hadde henta opp to personar da vi kom ut.

Det går føre seg et arrangement med maritime dagar i Farsund, med ein del aktivitetar for barn og ungdom. Pedersen antar at båten var ute i forbindelse med dette arrangementet.

– De fleste var barn og ungdom. Alle hadde på seg flyteutstyr, så de var godt sikra sånn sett, seier Pedersen.

Kraftig vind

Havaristen heiter «Prøven», og er ein Listerskøyte som Kystlaget i Farsund eig.

Ifølge Pedersen er det ein open trebåt på 30–35 fot med mast, seil og motor.

Det skal ha vore kraftige vindbyer da havariet skjedde.

– Det blåser ein jamn frisk bris, med til dels kuling i kasta. Da vi kom ut til de så var det ein vindbye som var ganske heftig akkurat da.

Det tok cirka 20 min frå redningsselskapet fekk meldinga, til de var tilbake på land med alle havaristane.

Alle redningsetatar samarbeida i hendinga.

Alle redningsetatar samarbeida i hendinga.

Foto: Linn Emilie Kalleberg / Linn Emilie Kalleberg

Havariet skjedde innaskjærs, cirka ein nautisk mil ut frå basen til Redningsskøyta, ved Håøy.

– Det var forsvarleg

Bård Håberg i arrangementskomiteen for Maritime dagar meiner hendinga var udramatisk og at barna var godt varetatt.

Var det forsvarleg å sende ut barn med båt i dette været?

– Så absolutt, dei gjekk ut saman med tre erfarne seilere i ein lokal – laga seglbåt. Vi har seglt med same type båt i sterkare vind og vær enn dette.

Han fortel at de største av barna trøstet de mindre som var skremt etter hendinga.

Tilstanden til de involverte skal vere god.
– Det har ikkje vore noko behov for helsehjelp, som eg har fått melding om, opplyser Bakken ved Hovedredningssentralen.

Er dykk sikre på at alle som var om bord er henta opp?

– Vi har ingen indikasjonar på at det er fleire involvert. De involverte partane har ikkje indikert at de saknar nokre, seier Bakken.

Ifølge Pedersen i Redningsselskapet arbeidast det nå med å berge seglbåten.

– De prøver å få den inn til land så de kan få løftet den opp.

Seglbåten skal ha kullseilt. Ifølge yr.no skal det blåse kuling med liten storm i kasta i området nå.

Seilbåt berges etter kantring

Seglbåten er tatt til land og skal lenses for vann.

Foto: Svein Jarle Bruseland / Privat

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Ekstremværet «Amy»: – Gikk bedre enn fryktet

tekst, tavle

Tiltalt for overgrep og snikfilming av mindreårige

Aline Lima

Fryktar strengare tiltak i barne­vernet: – Vil berre føre til meir kriminalitet

en person som står foran en busk

Julias mor er «Norges farligste kvinne»

null
Spiller nå
6000 uten strøm i Risør 04:01
Neste