Hopp til innhold

Slik blei han kvitt rådyra i hagen

Rådyr kan gjere stor skade i hagar. Bjørn Ivar Krabbesund har i fleire år prøvd å bli kvitt rådyr, men fann løysinga ved eit slumpetreff.

– Eg har hengt opp gamle CD-plater som blinkar. Eg har prøvd luktpreparat som skal vere avskrekkande, og eg har prøvd ultralyd, fortel Bjørn Ivar Krabbesund frå Arendal.

Han har gjort ei rekke forsøk på å bli kvitt rådyr som i fleire år har forsynt seg godt av blomar og bær i hagen hans.

Men det verkar som om dei venner seg til dette etter eit par, tre veker, og så er dei tilbake.

Les også Reddet rådyr som satt fast i snøen

Rådyr sitter fast i snøen

Sette på radioen

Ingen av tiltaka har fungert over tid. Men utan å vere klare over det har han funne løysinga sjølv.

Bjørn Ivar Krabbesund og klematisen

Bjørn Ivar Krabbesund ved klematisplanten, som rådyra før har forsynt seg grådig av. Sidan radioen blei skrudd på gjennom heile døgnet, har dei late vente på seg.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Han har lagt merke til at rådyr ikkje er så glade i menneskestemmer.

– Du har sikkert opplevd å gå langs ein veg, og så står det eit rådyr og beiter. Det står berre og kikkar og følger med på deg. Men om du stoppar og seier "Hei!", så rømmer det.

Og nettopp stemmer skulle vise seg å bli løysinga.

Meir om det seinare.

Ute etter planter og insekt

Lærar på Bringsvær leirskole, Trond Ole Bertelsen, har erfaring med rådyr. Han har blant anna jobba som instruktør i Noregs jeger- og fiskeforbund, og jobba med skadedyr for Kristiansand kommune.

Bertelsen fortel at rådyr trekker til hagar fordi dei er glade i veldig mange planter som finst der.

Han nemner tulipanar, påskeliljer, krokus og bringebær.

Les også Uønskt besøk av grevling og rev? Her er tipsa du treng!

Grevling i Oslo

Fekk uventa hjelp

Bjørn Ivar Krabbesund fann løysinga mot rådyr da han fekk uventa hjelp frå NRK.

– Eg sat og høyrde på Sørlandssendinga på P1 ute på terrassen, men gløymde å skru av radioen. Etter at han stod der og dura og spelte lågt om natta, oppdaga eg at det ikkje hadde kome nokon rådyr, seier han.

No har radioen stått ute i heile sommar, og i den delen av hagen har det ikkje vore eitt rådyr i sommar, ifølge Krabbesund.

en mann som sitter i en stol

Bjørn Ivar Krabbesund sit ofte i godstolen, med radioen på.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Når lærar Bertelsen på Bringsvær leirskole blir spurd om han er overraska over at ein radio med NRK P1 skulle halde rådyr unna hagen, svarer han:

– Ny lyd eller ny lukt kan rett og slett vere det som fungerer, seier han.

Gartnerportalen.no har også fleire tips for å halde rådyr unna hagen.

Eitt av dei er å lage «rådyrskremsel» ved å klippe til brun papp eller anna brun overflate og måle ein stor kvit flekk på, slik at det liknar baken til eit rådyr.

Set du opp ei slik brun og kvit plate i hagen, kan det skremme rådyr frå å nærme seg. Grunnen er at når rådyr vil varsle andre rådyr om fare, gjer det halespegelen (det kvite området på baken) større.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

En kjøkkenkniv ble vist frem i retten.

16-åring dømt for drapsforsøk med kniv

En manet med store tentakler og rød farge

Sjeldan brennmanet sett på Sørlandet

grafisk brukergrensesnitt, tekst, applikasjon, chat eller tekstmelding

Slik sparer dei timevis kvar dag: – Slepp å sitte med nasen ned i papiret

En gammel død rotte blant treverk og rubbel

Rottejakt i Arendal rådhus: – Det har luktet litt stramt

Trøndere samlet til sommerfest. De sitter rundt et bord og spiser pizza.

Samles på Sørlandet: – Vi har noen egne kultur-koder som vi trøndere kjenner til

Spilles av
Hvor «fat friendly» er Tusenfryd?
Neste