Hopp til innhold

Politiet må droppe overgrepssaker

Barn som vert krenka seksuelt via nettet kan ikkje rekne med at politiet etterforskar saka.

Chatting

MANGE SAKER: Politiet i Agder mottar så mange anmeldelsar på unge jenter som vert krenka via nettet at dei ikkje klarar å ta imot alle. Dermed vert fleire saker lagt til side.

Foto: Illustrasjonsfoto: Jan Inge Thomassen / NRK

Årsaka er at talet på anmeldelsar av seksuell handlingar med bruk av nettet er så mange at politiet i Agder må konsentrere seg om dei mest alvorlege tilfella.

– Vi har sett ei kraftig auke i denne typen saker dei siste par åra. Det er stadig aukande og vi er komme til eit punkt der vi må vere selektive i kva saker vi etterforskar, seier leiar for eining for grov vald og seksuelle overgrep i Agder-politiet, Mange Storaker til NRK.no.

Lokka av pengar

Særleg jenter let seg lokke og freiste til å leggje ut nakenbilete og videosnuttar av seg sjølve i seksuelle situasjonar.

– Dei vaksne som utgir seg for å vere «Ola 14» er gjerne «Trygve 60» frå ein stad i Noreg. Det veit ikkje jentene. Dei er vanvittig utspekulerte i måten dei får jentene til å gjere desse handlingane på, seier han.

Ofte vert jentene freista av pengar.

– Det å få fylt opp kontantkortet sitt for ein tusenlapp mot å sende bilete av sitt eige kjønnsorgan er freistande for mange jenter. Det kan og liggje litt i spenninga gjennom å sitje på jenterommet og sende bilete av seg sjølv mot å ta imot nakenbilete frå ein gut på same alder, seier Storaker.

– Snakk med barna

Foreldre kan vere med på å bidra til å unngå at barna vert krenka via nettet. Det meiner Barnevakten, som er ein av organisasjonane som gir råd om barn og medier.

– Det handlar om at vi som foreldre og føresette snakkar med barna og spør kven dei snakkar med, kva sider dei er inne på og kva dei gjer på nettet. Det gjer dei meir enn gjerne. Dei er stolt over det dei kan på nett, seier Morten Bakke i Barnevakten.

Å gå til politiet i Agder med slike saker kan vere til lita hjelp. Saker der vaksne blottar seg via nettet blir til dømes ikkje prioritert no. Årsaka er at slike saker er særs ressurskrevjande.

Ber om å melde til politiet

– Vi går ut med mykje informasjon til foreldre og ikkje minst korleis desse jentene som er på nettet skal handtere dette med å leggje ut bilete av seg sjølv, men forhåpentlegvis hjelper det, men likevel får vi inn alt for mange saker av denne typen, seier Storaker i Agder-politiet.

Barnevakten tykkjer likevel at barn og foreldre må halde fram å melde krenkingar på nett til politiet.

– Det tykkjer eg bestemt. Det er ei krenking og lova er like gjeldande på nett som i kvardagslivet. Definitivt, meld i frå. Dette skal ikkje skje. Dette må vi få teke ved rota, seier Bakke.

– Chattar med folk dei ikkje kjenner

– Det skjer for ofte at ungdommar som chattar snakkar med folk dei ikkje kjenner. Det vi seier til barn og vaksne er at dei må vere obs på at det kan skje. Då må ein ha dialog med barna, seier han.

– Snakk med dei og spør om dei kjenner til eller har vore borti slike situasjonar. For då er det viktig at dei gi beskjed til ein eller annan instans. Det kan vere Kripos.no, Barnevakten, Røde Kors eller Redd Barna, seier Bakke.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %