Hopp til innhold

Opprettheld vannscooter-dom

Agder lagmannsrett opprettheld bot for ulovleg vannscooterkjøring. 40 år gamle Joachim Verdich frå Arendal vart i tingretten i haust dømd til 6000 kroner i bot etter å ha køyrt vannscooter ulovleg.

Vannscooter

Joachim Verdich må betale 6000 kroner for ulovleg vannscooterkøyring.

Foto: Rainer Prang / NRK

EFTAs overvakingsorgan ESA har tidlegare konkludert med at det norske vannscooterforbodet strir mot EØS-regelverket.

Joachim Verdich er skuffa over lagmannsretten, som dermed trassar ESA sin konklusjon.

– Veldig skuffa

– Eg er veldig skuffa over at dei ikkje har drege inn EØS-rettslege prinsipp, som vi meiner skal overstyre norsk lov, seier Verdich.

ESA meiner at det ikkje skal vere lov å skilje mellom vannscootarar og andre motorbåtar.

Lagmannsretten valde likevel å følgje gjeldande norsk lov for fritids- og småbåtar, som i praksis forbyr vannscooterkøyring dei fleste stader.

No vurderer Verdich å følgje saka vidare i det norske rettssystemet.

Joachim Verdich

Joachim Verdich i lagmannsretten tidlegare denne månaden.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

Vurderer høgsterett

– Eg ynskjer å konferere med mine vener og advokaten min. Men eg trur det blir til at vi ikkje gir oss i denne omgang, og prøver å løfte det vidare til høgsterett, seier han.

Stortingsrepresentant Bård Hoksrud frå Framstegspartiet vil no ha ei opprydding.

– Eg forutset at miljøvernministeren sørgjer for at dei får rydda opp i dette, og tek rundane som må til med ESA. Vi må få vite kva som er dei faktiske forhold, seier Hoksrud til NRK.

– Det er fullt mogleg å køyre med vannscooter i heile EU. Det er tullete at det berre er Norge som skal sitje på haugen vår og ha håplause reglar som i dag, seier stortingsrepresentanten.

Miljøverndepartementet ynskjer ikkje å kommentere ei sak som går føre seg i rettsapparatet.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %