Hopp til innhold

Oppfordrar foreldre til å lære barna å gå trygt til skulen

Det er foreldra sitt ansvar å lære barna om trafikktryggleik. No blir vaksne oppmoda til å gå saman med barna og finne den tryggaste skulevegen.

Barn i trafikken

Nokon av elevane frå Wilds Minne skule i Kristiansand fekk oppfriska trafikkreglane saman med Nullvisjon Agder.

Foto: Vetle Hjortland / NRK

– Trafikktryggleik og trafikkreglar må foreldra lære barna sine, seier Tom Erik Dønnestad, regionsleiar i Nullvisjonen Agder.

Fleire tusen små førsteklassingar går ut i trafikken i desse dagar. Mange av dei treng hjelpa til foreldra.

– Foreldra må ut og gå, og hjelpe barna å bli trygge på skulevegen.

Vise dei farlege stadene

Nullvisjonen Agder er på skular over store delar av Agder for å øve på trafikkreglane.

– Det er ansvaret til foreldra å øve og vise barna der dei må passe ekstra godt på, understrekar Dønnestad.

Han forsikrar at skulen og Trygg Trafikk framleis er med på opplæringa, men at det er foreldra som må ut og vise kryssa, overgangane og trafikklysa barna møter på vegen.

Halde dei vaksne i nakken

Dønnestad fortel barna at dei vaksne også kan trenge hjelp til å hugse reglane nokre gonger.

Stella Ravnaas

Tredjeklassing Stella Ravnaas veit at ho må sjå til høgre og venstre før ho går over gangfeltet.

Ellie ved Wilds Minne

– Vi må følgje trafikkreglane, ellers kan vi bli kjørt på, seier tredjeklassing Ellie Helen Larsen Eilersen.

Olivia

– Mamma lærer meg å gå på grønn mann, men pappa lærer meg ikkje det sidan mamma gjer det, seier tredjeklassing Olivia Sjusdal Presterud.

Farlege hekkar

Med så mange barn som skal ut i trafikken – anten til fots, på sykkel eller sparkesykkel, så er sikta viktig.

Dersom hekken din er for stor og sikta forsvinn, så kan det vere ein fare for gang- og sykkelvegen, eller for utkøyringa frå heimen din.

– Hekk-eigarar må tenkje på sikttrekanten. Over fortau og gang- og sykkelvegar må ikkje greiner henge lågare enn tre meter, seier parksjef Aase Hørsdal i Kristiansand kommune.

Hekk langs skolevei

Ein hekk som er for stor, kan vere ein fare i trafikken.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Ho seier du må klippe ned hekkar, buskar og tre som strekkjer seg ut over eigedommen din.

– Barn er låge og synest ikkje så godt bak høge buskar og hekkar.

– Er vi for slumsete med dette?

– Nei, men mange tenkjer ikkje på at vi må klippe hekken på begge sider, så sikta er god, seier Hørsdal.

null
Spiller nå
Mistenkt for tyveri 01:28
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,77 kr
Dyrest kl. 09 1,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %